Nye Veier er klar for å bygge Ringeriksbanen. Er regjeringa klar?

Me toler ikkje nytt svik

I Hallingdal har det sete langt inne å støtte Arbeiderpartiet i stortingsval. Det er ein grunn til dette: Kan me stole på partiet i viktige samferdselssaker?

Frykta har si forklaring. Folk gløymer ikkje stamvegvedtaket i 1992, eller sviket som mange hallingar opplevde det som. Den borgarlege regjeringa hadde bestemt at stamvegen aust-vest skulle gå gjennom Hallingdal og over Hol-Aurland. Heilt til Ap sette Kjell Opseth frå Sogn og Fjordane i samferdselsstolen. Med eit pennestrok var stamvegen lagt til Valdres, og sogningane jubla for Lærdalstunnelen. Hallingdal vart sitjande att med all trafikken, men ikkje ei krone til vegutbygging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap manøvrerte og hestehandla seg fram, og fekk SV med på laget. Lovnaden var klar: SV støtta Opseth mot lovnad om at Ringeriksbanen skulle byggast.

30 år seinare er vegen gjennom Valdres ferdig utbygd, Ringeriksbanen berre ein draum. Og SV sit framleis som svarteper etter hestehandelen i 1992.

No bryggar det opp til ny strid - og kanskje nytt svik. Den førre regjeringa lyfta Ringeriksbanen og ny E16 (Ringeriksportefølgjen) opp og fram. Reguleringsplanen er vedteken. Oppdraget er gitt til Nye Veier, som no har gått nye rundar og kutta seks milliardar i kostnader. Det statlege selskapet står klar til å setje spaden i jorda.

Før fjorårets valkamp var Ap eplekjekk og kritiserte regjeringa for ikkje å gjera nok for Ringeriksbanen. Partiet var sjølverklært garantist for prosjektet. Heilt til regjeringsmakta var sikra.

No sit det ingen sogning i samferdselsstolen, men ein tidlegare Fredrikstad-ordførar. Gjennom sine statssekretærar har Jon-Ivar Nygård (Ap) den siste tida sådd tvil rundt Ringeriksbanen. Ikkje berre økonomien, han peiker også på negative verknader på naturmangfald og matjord. Det synest ikkje å hjelpe at Nye Veier har kutta seks milliardar og at dyrkingsavtale fører til at det blir meir dyrka jord etter utbygginga.

Kan hende er ikkje Ringeriksbanen viktig for ein Fredrikstad-politikar, men han er det for landet. Det kortar ned Bergensbanen med ein time. Det knyter Ringerike til Stor-Oslo. Den kuttar reisetida mellom Oslo og landets største reiselivsregion med ein time.

Det er ein skandale dersom Ap no trekkjer, eller skuver Ringeriksbanen ut i det blå. Det vil vekkje politikarforakt; dei folkevalde stadfestar at me ikkje kan stole på avtalar og lovnader. For Hallingdal blir det svik nummer to. Dei som åtvara mot å stemme Ap på grunn av viktige samferdselssaker, får heilt rett.

Så er spørsmålet kva SV kan finne seg i. Dei vart lurt - og svikta - i 1992. Toler dei på nytt å bli hundsa med av eit Ap med Sp på slep?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har kutta seks milliardar - Nye Veier klar for byggestart
Les også
Åpent brev om Ringeriksbanen til samferdselsministeren
Les også
Ap-ordførarar er forbanna: – No er det alvor
Les også
– Situasjonen er ein annan enn den me var i før valet