Desse fire kjem alle til å søke ambulansefag frå hausten. Fv.: Bjørg Venås, Elina Saue Gashi, Amanda Charausa og Tiril Emilie Fuglesang Tveito.

Me heiar på ungdommane som vil styrke beredskapen vår

Desse fire jentene er spente på hausten. Dei har nemleg planar om å søke seg inn på ei heilt nystarta linje ved Ål vgs: Ambulansefag. Der blir det åtte plassar å konkurrere om. Alt no veit dei om 13 ungdommar som meiner å søke. Det er ingen tvil om at det vil bli skarp konkurranse om å kome inn.

Det har gjort noko med motivasjonen til jentene. På godt og vondt. Dei veit at dei må ha gode karakterar for å få ein av plassane, og den jobben må dei ta no. Motivasjonen for å gjere det bra på skulen har blitt større. Det har dessverre også presset. Ein av dei fortel at ho begynte å gråte under ei matteprøve, då ho skjønte at det ikkje kom til å gå like bra som ho hadde håpt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ambulansefag er noko som har stått på ønskelista til Ål vgs i fleire år. I haust fekk dei endeleg grønt lys til å gå i gang. No startar jobben med å legge lokala til rette, samtidig som elevane kan bu seg på å søke plass.

Minst like glad som skuleleiinga er seksjonsleiar for ambulansetenesta i Hallingdal, Syver Tveito. Han fortel at dei er i ferd med å gå inn i ei mannskapskrise. Ikkje berre i Hallingdal, men i heile Vestre Viken. Det vil bli eit skrikande behov for nye tilsette framover, og det trengst sårt at fleire blir utdanna.

Modellen Ål har valt, er eit treårig skuleløp der elevane etterpå får lærlingplass. Då er dei klare til å ta førarkortet, og kan sikre seg dette før dei skal ut i vanleg jobb. Dette er ein god modell, som vil passe distriktet bra. Elevane kan bli i Hallingdal gjennom heile skulegangen, lærlingtida - og forhåpentleg også når dei ein dag er ferdig utdanna.

Me heiar på skulen som har fått dette tilbodet på plass. Me heiar også på elevane som har planar om å søke. At tilbodet kjem på beina, og kan supplere ambulansefaget som Folkeuniversitetet alt kan tilby, er viktig for regionen vår. Ein god beredskap er noko av det viktigaste me har, og for å halde den oppe treng me dyktige fagfolk. Og det må vere nok av dei. Det handlar ikkje berre om å få mannskap nok til ambulansane, men også om at den responstida blir rask nok.

At framtidas ambulansearbeidarar kjem frå ei utdanning her i dalen, med kompetanse om lokalmiljøet, er berre eit stort, stort pluss.