Makta har talt. Regjeringar sender Ringeriksbanen på søppelhaugen. Det store togrøveriet, kalla Hallingdølen det laurdag.

Me finn oss ikkje i å bli hersa med

Nei, Jon-Ivar Nygård. Det er ikkje berre uttrykk for lokal frustrasjon over at Ringeriksbanen er utsett igjen.

Ringerike, Hallingdal og alle lokalsamfunn langs Bergensbanen finn seg rett og slett ikkje i å bli hersa med lenger.

Me har stilt spørsmålet før; kan me stole på Ap i viktige samferdselssaker for Hallingdal? No har me fått svaret. Ap i tospann med Sp syner igjen at dei ikkje er til å stole på. I staden for å gi klarsignal for ei framtidsretta veg- og jernbanesatsing, for Oslo/Ringerike, landets største reiselivsregion og kommunane mellom våre to største byar, skuver dei prosjektet ut i det ytste mørket.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dette handlar ikkje om ei utsetting på grunn av krig og krav om økonomisk innstramming, slik regjeringa prøver å pynte vrakinga med. Det handlar om manglande vilje til å bygge Ringeriksbanen. Uviljen er så sterk at prosjektet ikkje berre er skuvd ut i det uvisse. Det er dytta bakerst i køen. I verste fall kan det gå tiår før Ringeriksbanen kjem på skinnene att.

Les også
Ventar på toget som aldri kjem: – Det overraskar meg dessverre ikkje. Men ein blir jo veldig frustrert
Nye Veier stod klar for å starte utbygginga. I staden tek regjeringa oppdraget vekk frå det statlege selskapet.

Den førre regjeringa ønskte å gjennomføre prosjektet og skar igjennom ved å flytte fellesprosjektet veg/bane over til Nye Veier. Reguleringsplanen var godkjent. Alt var klart for bygging. Berre pengane stod att å løyve.

Tidleg i sommar la Jernbanedirektoratet fram ei rangering av åtte nasjonale jernbanesatsingar som er planlagt med oppstart fram til 2027. Med eitt unntak: Ringeriksbanen. Direktoratet fekk ikkje lov av samferdselsministeren å vurdere Ringeriksbanen fordi prosjektet var lyfta over til Nye Veier. No er fagvurderinga gjort, utan at det kanskje viktigaste jernbaneprosjektet i landet er med. synest Nygård det er på sin plass å ta frå Nye Veier oppdraget, og legge det tilbake i skuffen over framtidige Nasjonal Transportplan-prosjekt, etter at alle andre prosjekt er vekta og vurdert mot kvarandre.

Les også
Løftebrot og røveri

Dette er ikkje berre manglande prioritering. Det er det me kallar dirty triks. På finurleg vis har samferdselsministeren frå Østfold losa Ringeriksbanen ut i mørket, utan at faginstansane har fått høve til å kome med sine prioriteringar.

Nye Veier har ved ny gjennomgang kutta seks milliardar kroner. Likevel hevdar Nygård at prosessen har vist at det er lite å tene på å køyre veg og jernbane i eitt prosjekt, utan i det heile å vise til konkrete tal. Han trur tydelegvis det blir betre og billegare å splitte prosjekta, gjennomføre nye utgreiingar og vurderingar, ja, kanskje til og med nye trasear? Det er som å tru på julenissen.

Støre-regjeringa med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård knuser draumen om hyppige togavgangar mellom Hallingdal og Oslo/Bergen.

Det er 30 år sidan eit samla Storting sa ja til Ringeriksbanen. Ap fekk gjennomslag for å legge vegsambandet aust-vest via den lengste vegen gjennom Valdres, i staden for Hallingdal. SV gav si støtte til omvegen mot lovnad om at Ringeriksbanen skulle byggast.

I 2023 kunne Ap gjort opp for seg overfor Ringerike, Hallingdal, Bergensbanen – og SV. I staden torpederer dei prosjektet. Det er ikkje å overdrive å kalle dette eit togrøveri.

Spørsmålet no er om folk i Ringerike, Hallingdal og langs heile Bergensbanen finn seg i dette. Eit Hallingdal som gjer det ein kan for å møte det grøne skiftet og eit Ringerike som har investert tre-fire milliardar i infrastruktur, i påvente av Ringeriksbanen. Er det eitt tidspunkt det er grunnlag for å protestere, så er det no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Reagerer på splittinga av Ringeriksbanen og E16: – Ekstremt skuffande

Kva med Ap-ordførarane langs banen, som har stått fram som garantistar for banen, vil dei i samla flokk melde seg ut av partiet? Eller tillet også dei å bli hersa med av ein Fredrikstad-statsråd som ganske sikkert har Østfoldbanen i pannebrasken og synest det er greitt å kvitte seg med ein konkurrent i Ringeriksbanen.

Og kva med SV, finn dei seg i bli lurt og audmjuka ein gong til? Me har gjennom det som no skjer med Ringeriksbanen fått stadfesta endå ein gong at me ikkje kan stole på Ap og Sp. No kan SV vise at dei er å stole på, at dei ikkje let seg herse med av regjeringa, at dei står fast ved avtalen dei i si tid inngjekk og saman med opposisjonen sikre ei framtidsretta veg-, jernbane- og miljøsatsing for Ringeriks-regionen, Hallingdal, alle lokalsamfunn langs jernbanen, Oslo og Bergen.

Les også
– Korleis skal folk våge å vere meir opne når bygdedyret herjar i bygd og by?
Les også
Måtte stenge andre etasje etter branntilsyn: – Feil å seie at eg har utsett dei for fare
Les også
Kommunen vurderer fastprisavtale for alle: – Vårt mål er å vedta dette i desember