Makspris på kort og lang sikt

Straumprisen bør inntil vidare settast til maksimalt 45 øre pr. kilowattime. Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) foreslår dette. Ordninga bør gjelde fram til marknaden er attende på normalt nivå

Foreninga, som alle kommunane i Hallingdal er medlem i, meiner ordninga bør gjelde for både hushaldingar og næringsliv. Dagens ordning gjeld berre hushaldningar, frivillig verksemd og bønder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er viktig. Nølinga med å inkludere næringslivet fullt ut i straumstøtta, har ramma deler av næringslivet hardt. Ikkje minst i distrikta der turistnæringa har pandemien i tillegg.

Det likevel spørsmål knytt til framlegget: Ordninga skal gjelde fram til kraftprisane er attende på normalt nivå. Kva er normalt? Og kven avgjer?

Her er me ved kjernen. Skal me la den til ei kvar tid sittande regjeringa legge inn løyvingar, og ordningar, av høveleg omfang kvar gong kraftprisane går høgt? Blir det då rimelegare kraft kvart fjerde år?

Me håpar å sleppe ei slik handtering av eit grunnleggande samfunnsspørsmål.

Striden om ei langsiktig løysing vil etter alt å døme gå langs to liner. Den eine om, og eventuelt kor mykje, straum me kan halde utanfor avtalene om handel med resten av Europa.

Det vil bli tungt. Ein strid med EØS ein kamp mot eit mangehoda troll. I tillegg har svært sterke krefter for lengst starta lobbyeringa for å behalde dagens ordning. Fleire av «ekspertane» riksdekkande media nyttar, er knytt til desse.

Ynskjet om å behalde dagens ordning står også sterkt i dei to statsberande partia Høgre og Arbeiderpartiet, og i dei mindre partia på høgresida, inkludert Frp, som har vore med på å innføre systemet. At Frp-leiaren no angrar, syner berre at partileiaren har vore med på ting ho ikkje har sett seg inn i og skjønt rekkevidda av.

Dermed står me att med makspris som det kanskje mest realistiske. Det er ikkje ei beintfram løysing. Makspris har ein lei tendens til bli prisen. Då går også kundane glipp av periodane med særs låg straumpris.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna argument er at det i periodar kan bli hardt for kraftelskapa å skaffe straum til så låg pris. Skjer det endar saka nok ein gong hjå politikarane. Det vil difor neppe vera realistisk med makspris, utan at staten sikar magasinfylling, eller andre ordningar som held prisen nede.

Me trur likevel at det neppe er nokon veg utanom ein varig makspris. Den milde vinteren har rett nok lagt ein dempar på ordskiftet. Minus 25 grader frå Fyresdal til Folldal vil fort nok fyre opp att straumkundane. Også med dagens rabattordning.