Svingskiva på den polske semitraileren som mista tilhengaren på rv52 ved Spildra mot Robru på Gol i 2012. Hengaren som fall av står til venstre i biletet. Ei kvinne i 60 åra i ein møtande bil vart alvorleg skadd. (Foto: Knut Olav Kvissel)

Livsfarleg sommel om svingskiver

21. september 2012 vart tre personar råka av ein løpsk semitrailer på Rv52 ved Spildra i Gol. Føraren fekk livstrugande skader, og har sidan hatt store plager. Bilen vart totalvrak.

Hallingdølen fann hendinga oppsiktsvekkande. Me hadde, som dei fleste andre, trudd at denne koplinga mellom tilhengar og trekkvogn var fullt ut sikker. Det skal, trass alt, ikkje rare fantasien til for å skjøne kva eit titals tonn tilhengar på vidvanke i 80 kilometer i timen kan utrette av tragedie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik var det ikkje. Eit enkelt søk i våre arkiv synte fleire slike hendingar både i vårt distrikt, og i andre deler av landet. Me tok difor saka opp med Statens havarikommisjon for transport. Der fekk me til svar at problematikken kunne vera interessant for ei temaundersøking, men at det mangla pengar til eit slikt arbeid.

No, ti år etter, ligg undersøkinga der. Den syner oss at svingskivene som sikrar liva våre kvart gong me møter eit vogntog med semihengar, ikkje er så sikre som dei må vere.

Ein skade som får utvikle seg over tid, kan føre til eit fenomen som gir såkalla falsk låsing. Det vil seie at sjølv om det ser slik ut for den som utfører jobben, så er ikkje låsinga alltid grei.

Dette er ikkje greitt. Det er ein enkel regel som gjeld ved slike kombinasjonar mellom mekanikk og mannskap; dersom noko kan gjerast gale, så vil nokon før eller seinare gjere nettopp det. Det fyrste som må utbetrast er difor det mekaniske.

Granskinga som er gjort syner at årleg mistar om lag tjue vogntog semihengaren under køyring på offentleg veg her til lands. Skadepotensialet i desse hendingane er stort nok til at det for fleire år sidan burde vore sett trykk på arbeidet med ei fullt ut sikker løysing.

Me skjønar dette er eit stort tema å gjere noko med. Det handlar om hundretusenar av slike installasjonar. Ein overgang til nye skiver vil måtte gå over fleire tiår. I mellomtida vil det måtte til klarare og meir treffsikre inspeksjonsrutinar både under dagleg bruk, ved tilsyn og ved planlagt vedlikehald.

Me stussar over er at Havarikommisjonen og Vegvesenet har brukt eit tiår på å kome dit ein er i dag med denne utfordringa. Kommisjonen er til vanleg svært aktiv, og har godt samarbeid med faginstansane. Ser ein til dømes mot luftfarten, så fører avdekking av mogleg livsfare til at tilsynsmyndigheiten set fartøy på bakken.

Noko tilsvarande er ikkje realistisk i denne saka. Det vil lamme heile samfunnet. Men dét er berre enno ein grunn til at saka burde vore teke skikkeleg tak i for ti år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kvifor skjedde ulykka? No har dei funne svaret
Les også
Stiller krav om sikrare utstyr
Les også
Utan ressursar til gransking