Med stabil kraftpris ville vår vasskraft ikkje lenger vere ei spekulasjonsvare, og NASDAQ, ACER og private spekulantar vart sett ut av spel, skriv Osvald Medhus.

Kronikk: Fakta om krafta vår

Den varme og turre sommaren 2018 gav i andre kvartal 40 prosent mindre tilsig til norske kraftverk. Likevel hadde vi overproduksjon av kraft!

Vår kraftproduksjon er planlagt å dekke behovet til vårt land som ligg langt mot nord med dei kalde vintrane. Derfor har vi tatt kostnaden med stor magasinkapasitet.

1. Vår magasinkapasitet

Eit særtrekk ved den norske vasskrafta er vår evne til å lagre energi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norge har i dag over 1000 vassmagasin med ein samla kapasitet på over 84 TWh. Om lag halvparten av denne lagringskapasiteten ligg i dei 30 største magasina. Den samla magasinkapasiteten svarar til 70 prosent av det norske kraftforbruket.

Norge har halvparten av Europas magasinkapasitet, og over 75 prosent av den norske produksjonskapasiteten er regulerbar. Med den store magasinkapasiteten som vi har, kan vi jamne ut produksjonen over år, sesongar, veker og døgn. Den regulerbare vasskrafta kan ved hjelp av magasina produsere nok kraft til vårt forbruk sjølv i periodar med lite nedbør og lågt tilsig. Dette syner tydeleg tala for produksjon og forbruk i dei ekstremt varme og turre sommarmånadene 2018:

Månad 2018 Produksjon Forbruk

Mai 9,76 TWh 8,78 TWh

Juni 9,17 TWh 8,08 TWh

Juli 8,90 TWh 7,74 TWh

Osvald Medhus

Det er grunn til å merke seg spesielt at norske kraftprodusentar eksportere kraft endå til turrsommaren 2018, i staden for å spare.

Vår norske vasskraft er unik grunna den store magasinkapasiteten. Innmelding i EUs energiunion via ACRE, vil ta bort den fundamentale tryggleiken for sikker kraftforsyning frå eigne kraftverk heile året.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Marknadsprisen vår er produksjonsprisen på kolkraft medrekna CO2-avgift

Norge er det einaste landet i verda som får dekt alt forbruk av elektrisitet frå eigne nedbetalte vassverk, utan CO2-utslepp.

Produksjonskostnaden for nedbetalte vasskraft er stabil, 3–5 øre per kWh, kring 10 øre medrekna skatt. Den sterkt varierte straumprisen er fiktiv; fleire hundre prosent over produksjonskostnaden. I 2018 varierte vår straumpris frå 39 til 63 øre per kWh, 2017 frå 28 til 38, 2016 frå 23 til 45, 2015 frå 10 til 32, 2014 frå 19 til 35, her medrekna mva.

3. Kvifor så høg straumpris?

Den 23. januar 2018 gav konstituert vassdrags- og energidirektør, Anne Britt Leifseth, orientering om straumprisen:

«Kraftmarkedene i Norden og Europa er nå så integrerte at brenselpriser får direkte innvirkning på norske kraftpriser. Det er kostnaden for fossil kraftproduksjon med CO2 som setter prisen for strømmen vi eksporterer og importerer.»

Denne straumprisen er vår marknadspris. Apropos: 30. januar 2019 melder NVE om «Auka straumprisar grunna halvert vindkraftproduksjon i Europa».

Dette talar for seg sjølv – kva situasjon vi er kome inn i.

4. Forvaltninga av vasskrafta vår

I 1992 fekk vi verdas mest liberale energilov. Med energilova fekk vi ein meir effektiv kraftomsetnad, fysisk. Men det er skremmeleg kor denne lova er blitt misbrukt.

Politikarane trekte seg tilbake og overlèt denne viktige sektoren fullstendig til ein byråkratisk styrt marknad. Norge gjorde nemleg opptak til ein sams kraftmarknad med Sverige. Det norske Statnett og den svenske Kraftnätt skipa Nord Pool ASA – med 50 prosent eige kvar – og som hadde konsesjon i Norge og dreiv kraftbørs i Norden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reglane som Nord Pool etablerte bestemte at prisen på marknadskrafta (altså vår kraft) skulle vere lik den til kvar tid dyraste krafta ein fann i Norden, kontinentet eller Baltikum.

Eitt eksempel, blant fleire, kva dette førde til;

I 2006 importerte vi 0,6 prosent av vårt forbruk av elektrisk straum. Likevel steig straumprisen her i landet med 70 prosent frå året før – endå 99,4 prosent av straumforbruket det året var frå våre eigne nedbetalte vassverk. Denne prissjongleringa kosta abonnentane 12,5 milliardar kroner ekstra det året.

Det er fleire slike døme frå åra 2002-2003-2006 og 2007. Dei uakseptable reglane for fastsetting av den til kvar tid marknadspris er byråkratisk bestemt og er hovudgrunnen til den fatale utviklinga av straumprisen.

5. Nasdaq overtar

I 2008 selde Nord Pool dei to selskapa sine Nord Pool Clearing og Nord Pool Conculting til Amerikas største aksjeselskap, Nasdaq OMX, New York, for 80 millionar kroner. Samstundes fekk Nasdaq OMX opsjon på kjøp av Nord Pool ASA – den finansielle kraftbørsen for ulike kraftkontraktar, blant anna til prissikring, og ein av Europas største børsar for handel med klimakvotar.

I 2010 gjorde Nasdaq OMX sin opsjon gjeldande, og kjøpte Nord Pool ASA for 2,4 milliardar kroner, som Statnett syntest var ein god pris. Statnett og Kratnätt har igjen Nord Pool Spot som berre tar seg av den fysiske kraftomsetnaden, ikkje det økonomiske. Dermed er vår kraft kome inn i ein kraftmarknad slik vassdrags- og energidirektøren har stadfesta, dvs. vi har gitt frå oss forvaltninga av krafta til den Europeiske kraftmarknaden, utan at Stortinget vart kontakta.

6. Avtale om innlemmelse av 3. energipakke

Arbeiderpartiet har gått saman med Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre og Miljøpartiet de Grønne om «innlemmelse av 3. energipakke i EØS-avtalen, og rettsaktene som inngår i den tredje energipakken». ACER er handa på rattet i EUs energiunion. Ein eining i NVE, kalla RME skal ta imot ordre frå ESA, som igjen får ordre frå ACER.

Dette har med den viktige forvaltninga av krafta vår, ikkje sjølve eigarskapen. Men når ein har gitt frå seg styringa av forvaltninga, har ein òg indirekte gitt frå seg eit vesentleg insitament for fastsetting av straumprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innmelding i EUs energiunion reiser dessutan eit svært alvorleg spørsmål: Om Norge vil ta tilbake forvaltninga av krafta, vil ACER då kunne stoppe det? Innan ACER-systemet er nemleg innebygd ein form for veto.

7. Korleis ta igjen styringa av den offentleg eigde kraftproduksjonen?

Den eigentlege bakgrunnen for at vår vasskraft er blitt ei handels- og spekulasjonsvare er dei sterkt varierte kraftprisane. Desse varierte kraftprisane er ulogiske for Norge – jf. punkt 2 – som er det einaste landet i Europa som kan bestemme seg for fast, stabil kraftpris. Med stabil kraftpris ville vår vasskraft ikkje lenger vere ei spekulasjonsvare, og NASDAQ, ACER og private spekulantar vart sett ut av spel.

* Forvaltninga av krafta vår blir i dag bestemt og styrt av byråkratiet. Stortinget må gi NVE og Statnett retningsliner som reflekterer at reguleringsmagasina er bygd for å sikre kraft til variert forbruk for heile landet heile året. Og bruken av reguleringsmagasina må ha dette som absolutt prioritet.

* Marknadsreglane må Stortinget ta seg av, i staden for byråkratiet. Dermed kunne ein bestemme og halde ein stabil kraftpris, som gav krafteigarane ein oversiktleg og akseptabel økonomi.

* Å kunne kjenne storleiken på kraftprisen, og som var stabil, ville dessutan vere trygt og viktig for både industri og hushald.

* Stortinget må sikre at gjeldande avtaler om kraftprisen til kraftkrevjande industri står ved lag.

8. Energieffektivisering

Kraftpris-avgiftene bør bort. Men om slike avgifter blir oppretthaldne, bør dei gå til ENOVA.

Ein spart kWh er mykje meir verd enn ein ny kWh frå uregulert produksjon. Ein treng ingen nye kraftliner, og ein sparer kraft når det er kaldast og trengst mest. I alt brukar vi ca. 40 TWh til oppvarming. I bygningsmassen er sparepotensialet rekna til ca. 10 TWh. Undersøkingar syner at også i industrien kan ein spare straum, opptil 25 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kaldaste plassen i dag tidleg: Minus 25,1 grader
Les også
I ettermiddag betaler me 4,18 for kilowattimen - men i morgon snur det
Les også
Fekk tilbod om straumavtale utan rabatt frå Hafslund Strøm