annonse

Debatt: Svar til Hans-Petter Kverneland

+

  • Per Gunnar Markegård Dagleg Leiar Hemsedal Energi

Hemsedal Energi har eit høgare fastbeløp på nettleige til fritidseigedommar enn til hushaldningar. Kr 1800,- pluss mva. til hushaldningar og kr 3200,- pluss mva. til fritidseigedommar. Forskjellen er 1400,- og ikkje 1750,- som du seier.

Fritidseigedommar har eit ujamt forbruk av energi. Vi må ha nett som kan tole effekttoppane som vi får når mange er på hyttene samtidig.

Sjølv om vi tek anleggsbidrag ved utbygging av nye felt, investerer vi store beløp i eigen regi for å ha ei sikker straumforsyning. Effektbehovet er ei stor utfordring i eit nett og det merkar vi spesielt som har mange fritidseigedommar.

Nettverksemda er strengt regulert av NVE med tildeling av ei årleg inntektsramme. Hemsedal Energi har i mange år ikkje teke ut heile denne ramma, noko som kjem alle kundane til gode, også hyttekundane. Vårt mål er å drive så effektivt som mogeleg for å halde nettleiga nede.

Du seier at vi forskjellsbehandlar hytteeigarar på straum med 27,3 prosent påslag på spotprisen. Bakgrunnen til denne påstanden er uforståeleg for meg. Hemsedal Energi sel kraft til fritidseigedommar til ein spotpris på NordPool i vårt område med eit påslag på 7 øre inkl. mva. og elsertifikat. Vi tek ikkje noko fastbeløp kvar månad som kan utgjera fleire øre/kWh spesielt der det er lite forbruk. Sal av kraft er ei kommersiell verksemd som er skilt frå nettverksemda. Alle har rett til å kjøpe kraft kor dei vil.

Hemsedal Energi forvaltar konsesjons- og andelskraft for Hemsedal Kommune, til saman ca. 54 GWh. Dette er kraft som kommunen får kjøpt til ein redusert pris på grunn av tidlegare kraftutbygging. Det er overskot av denne forvaltninga som blir overført til Hemsedal kommune.

Kom gjerne innom Hemsedal Energi eller ring meg for avklaringar rundt energispørsmål.

annonse