Leiar: Bruk stemmeretten

Så er valkampen komen til endes. Måndag går me til valurnene og avgjer kven som skal bestemme utviklinga i kommunen vår og i nye Viken fylkeskommune. Det er ein viktig dag for både deg og meg.

Me ser kanskje på det som sjølvsagt; retten til å seie ifrå og påverke politikken gjennom val. Me har ein lang demokratisk tradisjon her til lands. Den er ikkje mindre viktig av den grunn. Det er du og eg som avgjer samansetjinga i våre folkevalde organ. Dette er berebjelken i demokratiet og derfor ei oppgåve me bør ta på største alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har bak oss intense veker der dei politiske partia har prøvd å få bodskapen sin fram så tydeleg som råd. På NRK og TV2 har rikspolitikarane diskutert, debattar som mange har opplevd lite relevante opp mot eit lokal- og fylkestingsval. Det er ikkje bompengar og Erna vs. Jonas som avgjer kommunevala i Hallingdal. Iallfall ikkje aleine. Det bør vera dei lokale sakene og vurdering av dei lokale listene som til slutt avgjer kva parti ein vil støtte.

Dei personlege møta har sin verdi. Derfor har fleire parti banka på dører og snakka med folk der dei bur. I sentrum har politikarane stått, under fargerike parasollar og med brosjyrar i hendene. Og i lesarbrev-spaltene i Hallingdølen har både politikarar og folk flest ytra seg. Fleire utspel er følgd opp på redaksjonell plass og har skapt debatt.

Radio Hallingdal har gjennomført ein serie med partiutspørjing, i klassisk forstand. Hallingdølen har dei siste to vekene hatt daglege nett-TV-sendingar der ordførarkandidatane i dei ulike kommunane har duellert. I blant kan det vera vanskeleg å sjå dei store politiske skiljelinjene, andre gonger har motsetningane vore klare og tydelege.

No er me på oppløpssida. I helga er det slutt på debattane; no er det tid for å konkludere. Kva vil tene nærmiljøet og kommunen best? Kven har dei mest framtidsretta løysingane? No er det ikkje lenger politikarane som skal svare, men veljarane.

Framfor alt er det viktig å bruke stemmeretten. I kommunevalet og i fylkestingsvalet. Uansett kva ein må meiner om dei nye regionane, er det du og eg gjennom val som kan påvirke innhaldet i Viken. Det finst ingen gode alternativ til folkestyret. Og det er gjennom val me alle kan påvirke.

Bruk den retten. Sei di meining. Ha eit godt val!