La håpet leve

Det går unna no ved årsskiftet. Fyrst vart det advent, så vart det «jul likevel», som det heiter i den parodiske songen om sonen som kom heim frå det usikre utlandet.

No er det berre timar att til eit nytt år. Snart kan me slå fast at det vart nytt år likevel. Det har trass alt ikkje mangla på karakteristikkar av året me no går ut av. Krig i Europa, straumkrise, renter, dyrtid og ein epidemi som ligg på lur er jamleg oppsummert i ordet krise.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser me objektivt på stoda, så er det lite av det me ramsar opp som typisk 2022, som ikkje blir med oss over i 2023. Skal me rangere, så set me utan tvil krigen i Ukraina øvst på lista.

At den russiske presidenten gjekk til krig, vart ikkje berre den største nedturen i året som gjekk. Det var rett og slett den største nedturen i den vestlege verda sidan 1945.

Dei fleste av oss trudde at Europa styringsmessig var over nivået me såg då andre verdskrigen starta. Det er me ikkje.

I staden haglar det missilar over fredeleg landsbyar i det angripne landet. Nokre av dei blir skotne ned, men altfor mange treff. Lageret vil truleg ta slutt, men kva då?

Det er lite truleg at fredstingingane kjem, berre rakettane er brukt opp. Me kan like gjerne sjå eit steg attende, til ein krig der massivt oppbod av menn med maskingevær og kanonar fører blodbadet vidare.

Det er dystert. Likevel er det eit nytt år, og nye moglegheiter. Håpet er framleis ein faktor det er ikkje er mogleg å forby. Korkje i Ukraina, i Russland eller i resten av verda.

La oss halde fast ved håpet. Skal me sjå objektivt på sak, så har me sett verre tider her til lands. Også då fekk håpet leve.

Godt nytt år.

Artikkelen held fram under annonsen.