Mens Ola og Kjellaug Hilde sat på altanen og drakk kaffi, tok ein innbrotstjuv seg inn i leilegheita og reist med smykkeskrinet. Det frekke tjuveriet vart oppdaga etter at ein nabo oppdaga at det låg nokre smykke på dørmatta. - Eg fekk sjokk og reiste inn for å sjekke. Ei pappeske med gullsmykke er borte, seier Kjellaug.

Kva med tilliten?

Førre veke vart Kjellaug og Ola Hilde utsett for eit sylfrekt tjuveri i Flå. Mens dei sat ute på verandaen sin og drakk kaffi, tok ein ukjent tjuv seg inn i heimen deira og robba dei for verdiar.

Å bli robba i sin eigen heim er brutalt. Politiet vart kontakta, men dukka ikkje opp før dagen etter. Det er etter vårt syn sterkt kritikkverdig. Om ikkje innbrot i folks mest private sfære er nok til at politiet hiv seg rundt - kva er då nok? I denne saka vart det attpåtil gjort observasjonar av ei dame som gjekk ut av leilegheita til ekteparet Hilde. Andre naboar hadde hatt besøk av den same dama, som gjekk rundt og banka på dører i blokka. Signalementet på ho var godt. Men det hjelper ikkje all verdas mykje det, når det går eit døgn før politiet kjem til staden og etterforskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me synest trass alt det er positivt at politiet lokalt tek sjølvkritikk i denne saka. Dei er samd i at det tok altfor lang tid før dei rykte ut. Politistasjonssjef Britt Fyksen har bedt operasjonssentralen om ei forklaring på kvifor patruljen i Hallingdal ikkje vart sendt til Flå denne dagen. Det er sagt mykje og mangt om nærpolitireforma, me skal ikkje gå inn på den no. Men prioriteringane som vart gjort denne dagen, er vanskeleg å skjøne.

Om politiet brukte lang tid på å rykke ut, var dei til gjengjeld langt meir effektive når dei skulle behandle av saka. For oss som står på utsida er det nesten ikkje til å tru at det kan vere sant: Saka vart henlagt same ettermiddag som den vart meldt. Den lokale patruljen rakk ikkje ein gong å legge vitneavhøyr og dei kriminaltekniske undersøkingane inn i systemet før saksbehandlaren hadde svinga henlagt-stempelet i reinaste Lucky Luke-stil. Dette er det Felles straffesaksinntak (FSI) som står for. Dei seier saka vart lagt vekk for å «frigjere kapasitet».

Det kan godt vere at saka kan bli tatt opp att på eit seinare tidspunkt, eller at den uansett ikkje ville vore mogleg å oppklare. Men her handlar det om signaleffekt. Det gjer noko med folks tillit til politiet når eit tjuveri i folks eigen heim blir behandla så stemoderleg.

I Flå sit ekteparet Hilde og mange med dei og kjenner seg utrygg heime i si eiga stove. Det er det verste av alt med denne saka. Eit slikt innbrot er ei krenking av folks grunnleggande behov for å kjenne seg trygge heime. Å ta det på djupaste alvor bør stå skyhøgt på politiet si prioriteringsliste.