Fjellknausen «Kyrkja» på Søråsen i Gol får eit nytt hyttefelt som nabo.

Kva gjer de no, politikarar i Gol?

«Bevar Søråsen. Gols siste urørte dalføre», stod det på banneret som møtte politikarane på veg inn til kommunestyremøte i Gol. Dei sa likevel blankt nei til å ta saka til ny behandling. Dessverre.

Jan Kattenberg etterlyste ei meir grundig og objektiv kartlegging av området. I ein interpellasjon stilte han spørsmålet: «Skal me berre dra på skuldrene og tenke at gjort er gjort og spist er spist, eller skal me ta vårt ansvar og sjå på dette ein gong til for å sikre oss at me gjer det rette, med eit vedtak som står seg også i framtida?».

Artikkelen held fram under annonsen.

Det siste hadde vore klokt. Saka på Søråsen har vekt eit sterkt engasjement, ikkje berre i Gol, men i heile Hallingdal. Den har sparka opp ein debatt som dei folkevalde må ta på alvor. Me finn det overraskande at så mange som 18 i kommunestyret meinte at saka ikkje trong ny behandling. Det hadde denne omstridde saka fortent.

Argumentet som går att er at utbyggar må vite kva han har å halde seg til, det må vere forutsigbart. Så klart bør det vere det. Faktum er at området Søråsen burde blitt tatt tak i tidlegare, ved rullering av kommuneplanen i 2021. Dessverre var ingen vakne nok til å reagere. SVs Gunn Ragnhild Stigen er befriande ærleg når ho seier ho har sove i timen når det gjeld Søråsen. Kattenberg kalla det flautt at han ikkje har fått auga opp for dette tidlegare.

Og la det vere sagt: Det er ikkje lett for «menig mann» å halde seg oppdatert på politiske planprosessar, heller. Det kan me nesten ikkje vente at folk gjer. Statsforvaltaren er det elles ikkje noko hjelp i, dei har over for Hallingdølen toa sine hender og skyvd omsynet til kommunalt sjølvstyre framfor seg. Ei forunderleg veik haldning.

Samtidig som debatten om Søråsen rasar, har Gol ein naturmangfaldsplan ute på høyring. Den handlar om dei største utfordringane når det gjeld tap av natur. Bygging av veg og hytter er den største trusselen mot naturverdiar. I planen blir det foreslått å ikkje tillate utbygging som reduserer naturområde som ligg utan inngrep frå før. Litt av eit paradoks å jobbe med ein slik plan, samtidig som debatten om Søråsen rasar.

Utbygginga på Søråsen blir truleg realisert, men spørsmålet er kva politikarane gjer vidare. Kor mykje grep vågar dei å ta? «I neste rullering av kommuneplanen er det foreslått at me må vere litt tøffare og setje strek over mange av dei områda som ikkje er bygd ut enno», sa Herbrand Jegleim (Sp) til Hallingdølen for ein månad sidan. Neste rullering skjer om 10 år. Om målet er å vere litt tøffare om 10 år, trur me politikarane vil få seg ei overrasking. Den fleire tiår lange «ja-bølgja» til hytteutbygging har skapt gnissingar. Desse vil ikkje bli mindre i tida som kjem.

Det er grunn til å minne om at det går an å endre på gamle reguleringsplanar også før ei planlagt rullering av kommuneplanen. Ein slik planvask hadde kanskje ikkje vore så dumt, verken i Gol eller andre kommunar. Men då må det både politisk vilje og handlekraft til. Då må ein våge å setje fellesskapet framfor omsynet til dei som sit på verdifull grunn. Det er kanskje på tide å manne seg opp til å gjere nettopp det.