Kraftdebatten som stilna

Nordmenn er heldigvis eit anstendig folkeferd. Tidleg i vinter flauma media over av engasjerte innlegg om galopperande kraftprisar. Eit folkeleg opprør kravde at energien som blir produsert av kraftverk som folket eig, skal nyttast til å sikre arbeidsliv og husstandar i Norge fornuftige straumprisar.

Så kom krigen i Ukraina, og dei kraftkritiske røystene stilna. Heldigvis. Det vart for småleg å klage på dyr straum, når eit av dei største demokratia i Europa vart angripe av eit diktatur. Angrepet minte dessutan mange av oss om krigsherjingane i Europa i førre århundre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me skal ikkje insinuere at nokon var glade for krigen. Men det er eit faktum at den stoppa ein debatt som var i ferd med å stille makta til veggs. Debattane om kraft tidlegare i vinter var hard kost både for Høgre, Arbeiderpartiet og dei andre som har støtta heilhjarta opp om eit system som gjer norske husstandar til klientar med kraftstøtte.

Rett nok har politikarane fått støtte frå kraftmakta. Riksmedia har hatt godt påtrykk frå ekspertar knytt til omsetning og produksjon av kraft, som tolmodig har forklart at systemet må vera slik det er. Dei meiner det er uråd å gje norsk næringsliv, og norske husstandar, fordelar frå kraftverka dei sjølv eig.

Sidan debatten har stilna er det nærliggande å tru at saka er tapt. Me trur ikkje det. Ein taktikk med støtte når det er retteleg gale, kombinert med venta nedtrapping av støtta over tid, og håp om at me gradvis venner oss til vanvittige prisar, vil bli gjennomskua.

Senterpartiet har allereie fått merke dette. Partiet som i valkampen lova rimeleg energi frå alle kjelder, har havarert på meiningsmålingane. Rett nok har regjeringa Ap/Sp sett ned ein kommisjon som skal seie noko om kraftregimet. Uttalen skal koma ved juletider. Men sidan det ikkje har kome noko om kva regjeringspartia har av idear, er det nærliggande å vente eit forsvar for dagens ordningar.

Høgre la fram ny energiplan i framkant av landsmøtet i helga. Partiets talsmann, Nikolai Astrup, seier til Nationen at han framleis trur at kraftprisane i Nord-Europa kjem til å synke på sikt, og at det store deler av året vil vera låge prisar. Ja. Det er gjerne ein lunk i vêret sommarstid. Han meiner også at me kan bli straffa, dersom me held att på krafteksporten. Då kan det bli heilt svart, i staden for berre dyrt. Dei er ei grei stadfesting av korleis partiet hans har vore med og stelt det til for oss.

Som nemnt innleiingsvis; det er bra at me er anstendige menneske. Men me bør ikkje vera tafatte, og me bør på ingen måte kjøpe det som kjem frå makta ukritisk. Klimaet langt mot nord gjer at husstandane har særskilt behov for energi. Avstanden til marknadene gjer at norsk næringsliv har særskilde behov. Og så er det no ein gong slik at det er fleire næringar enn kraftnæringa, og eigarane bak denne, som treng å tene pengar.