Konsesjonskrafta er redda – endå ein gong

Kraftkommunane beheld konsesjonskrafta. Dette vart klart etter at kommunal- og distriktsminister, Sigbjørn Gjelsvik sist veke avviste eit framlegg frå utvalet som har fått i oppdrag å jamne ut inntektene mellom kommunane.

Ikkje uventa foreslo utvalet å ta frå kommunane som er vertskap for kraftverk deler av pengane dei får for å stille naturressursar til rådvelde for fellesskapet. Denne typen utval gjer gjerne det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reglane om konsesjonskraft er ein del av dei grunnleggande vilkåra for vasskraftproduksjonen her til lands. Ordninga har vore med sidan den spede starten i 1917. Den er noko av grunnlaget for busetnaden i distrikta. Utan ordninga hadde det vore lengre mellom husa.

Denne langsiktige avtalen er knytt til produksjonen av kraft. Ikkje til eigarskap. Den må ikkje forvekslast med regjeringas ynskje om å ta inn ekstra pengar frå kommunane som eig kraftverk, anten heilt eller delvis.

Saka om eit ekstraordinært trekk, er knytt til høge inntekter i ei tid med ekstrem kraftpris. Staten vil reduserer rammetilskotet til kommunane som har tent mykje på denne situasjonen.

Inndraginga er, med god grunn, lite populær her i øvre Buskerud. Ei sak er at den er omtrentleg utforma, og gir stor usikkerheit rundt dei kommunale budsjetta. Den grip også inn i kommunanes rett til å styre eigne inntekter.

Siste ord er ikkje sagt i denne saka. Me har framleis håp om at det er råd å finne ei løysing som ikkje rammar urimeleg og tilfeldig. Like viktig som det er å få til eit godt utfall her, er det viktig å presse på slik at ordninga som skal gjelde for 2023 blir avslutta ved neste årsskifte. Slik det er lova.

Uansett så er den langsiktige konsesjonskrafta det aller viktigaste her. Som nemnd i innleiinga, har statlege utval jakta på den jamt og trutt i heile etterkrigstida.

Konsesjonskrafta har opp gjennom åra løyst ut mykje politisk misunning. Men ordninga er ikkje meir spesiell enn at Lofoten har fisket, og Rogaland har tung oljenæring. Alle regionar har sine eigne føresetnader, som dei må få lov å nyte godt av lokalt.

Les også
Regjeringa treng elementær opplæring om inntekter og skatt
Les også
Inndreg kraftkroner: – Regjeringa har teke hardt i
Les også
Aksepterer ikkje reknestykket til regjeringa: – Ein dårleg måte å behandle kommunen på