Hemsedal Skisenter har stort besøk i høgsesong. (Arkivfoto)

Kommunane må sjølv få velje om dei vil ha turistskatt

Ordførar Pål Rørby i Hemsedal helser turistskatt velkommen til bygda. Det har han god grunn til å gjere. Han har eit godt poeng: Om kommunar med stor turisme skal fylle plikta si som vertskap, må ein kunne ha moglegheit til å auke inntektene. Ikkje berre svinge med sparekniven, og kutte frå andre område. Det går utover innbyggarane, og slik kan det ikkje vere.

Turistskatt var sist oppe i Stortinget i 2017. Den gongen sa både Arbeiderpartiet, Senterpartiet, KrF, Høgre og FrP nei. No har Arbeiderpartiet og Senterpartiet snudd. KrF er på glid. Og før jul bad SV regjeringa legge fram ulike modellar for skattlegging. Forslaget ligg no til behandling i næringskomiteen, dei skal kome med ei innstilling i slutten av mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har fått ny næringsminister. Iselin Nybø (V) har avløyst Torbjørn Røe Isaksen (H), og Venstre har teke over Næringsdepartementet. Førebels har ikkje Nybø sagt noko om turistskatt, men Venstre har i sitt partiprogram at dei vil legge til rette for at kommunar som ønsker det, kan innføre ei slik skattlegging. Turistskatt kan i korte trekk bli ein realitet frå 2021.

Motstandarane meiner ein turistskatt berre vil fordyre det norske reiselivsproduktet,

Det er godt nytt. Den globale turismen aukar, og den er venta å auke mykje meir fram mot 2030. Det gir store moglegheiter for Norge, og for Hallingdal som destinasjon. Men turiststraumen bringer med seg utfordringar. Til dømes skal kommunane drifte renovasjon og offentlege toalett. Berre søppelhandteringa i seg sjølv er eit område som kostar. Kommunane må sørge for nok parkeringsplassar, og anna infrastruktur som er tilpassa ein stor auke i innbyggartal i høgsesong.

Allemannsretten sikrar fri og gratis ferdsel i naturen, men belastninga i område med mykje besøk er det kommunane som får. Naturen blir øydelagt om ikkje kommunane legg til rette på best mogleg vis. I tillegg skal kommunane både marknadsføre og informere kva dei har å by på. Alt dette, og meir til, kostar. Det er naturleg at dei som kjem hit, er med og betalar for alt dette.

Dei som er imot turistskatt har høvelege argument. Norge er allereie eit dyrt ferieland. Meirverdiavgifta på overnatting og transport har auka frå åtte til 12 prosent på berre få år. Me er tyngre skatta i Norge enn våre nordiske konkurrentar. Motstandarane meiner ein turistskatt berre vil fordyre det norske reiselivsproduktet, og vere ei ulempe når Norge skal konkurrere om turistane på den internasjonale marknaden.

Men me veit også at snittalderen på dei som kjem til Norge, er høg. Det er menneske med ressursar. Og turistskatt har blitt så utbreidd i Europa, at det er ikkje lenger mange som hevar augebryna om dei får eit påslag når dei kjem til skranken på hotellet.

No må Stortinget seie ja. Turistskatt bør vere underlagt eit kommunalt sjølvstyre. Turistnæringa er viktig for oss, men me må sørge for at den er berekraftig. Både for næringa sjølv, men og for lokalsamfunna som vertskap.

Les også
Ei framtidsretta løysing
Les også
Me har ikkje særleg stor grunn til å sutre