Ja til uvæpna politi

Nok ein gong er væpning av politiet sett på dagsorden. Det har skjedd i form av eit offentleg utval, Maktmiddelutvalet. Det delte seg i eit fleirtal og eit mindretal der fleirtalet, i all hovudsak politifolk, gjekk inn for ei permanent væpning av politiet mens eit mindretal, sivilistane i utvalet, er imot.

Dette er ingen ny diskusjon. Sidan 2014 har politiet til tider vore mellombels væpna. Frykta har i hovudsak vore terror. Eit væpna politi kan raskare gå til aksjon, meiner tilhengjarane. Dessutan er det vorte argumentert med tryggleiken til polititenestemennene og kvinnene. Det er til å forstå. Politiet kan stå overfor dramatiske situasjonar, og me forstår at politifolka kan føle seg tryggare med revolveren på hofta. Men vil eit væpna politi bety eit tryggare samfunn for deg og meg?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me trur ikkje det. I snart ti år har politiet hatt ei ordning med framskoten lagring i bil. Det betyr at politifolka raskt kan gripe til våpen viss det er nødvendig og situasjonen krev det. Ved spesielle trusselsituasjonar har også politiet vorte væpna mellombels.

Politiet er den einaste instansen som med loven i hand kan utøve makt mot sivilistar i samfunnet vårt. Politiet kan blant anna bruke maktmiddel som peparspray og batong i tillegg til elektrosjokkvåpen - som vart innført som maktmiddel i fjor - til å forsvare seg med.

Det er ein styrke for det norske samfunnet at politifolk i utgangspunktet er uvæpna. Me ønskjer ikkje amerikanske tilstandar der ein «fyrer laus» for det minste. Det pregar eit samfunn. Det blir utrygt, og farleg. Ei undersøking som Norstat har gjort på vegner av NRK viser at folk flest ikkje føler seg tryggare når politiet er væpna. Folk her i landet har jamt over stor tillit til eit uvæpna politi.

Eit væpna politi kan føre til at situasjonar eskalerer. Ein konfrontasjon kan fort kome ut av kontroll. Ein politimann kan feilvurdere og i verste fall gjere seg til drapsmann. Dei kriminelle vil også væpne seg med tyngre våpen i møte med eit væpna politi. Me ønskjer ikkje «krig» på open gate.

I tillegg viser statistikkane til politiet at talet på brotsverk går ned. Kriminalitetsutviklinga går rette vegen – den går nedover. Det aller beste for samfunnet vårt at politiet har eit sivilt preg. Det bør me halde fast ved.