Grunnlovsjubileet i Ål

Ål formannskap sette våren 2013 ned ei nemnd som skulle arbeide med ei samla markering av Grunnlovsjubileet i Ål kommune.

Me vart raskt einige om at Hallingdal feriepark var einaste høvelege arena for å samle alt folket i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I grendene er det FAU (foreldre sitt arbeidsutval) som tek ansvar for 17. mai feiringa. I november 2013 hadde nemnda eit møte med representantar frå FAU ved alle barneskulane i Ål. I møtet skisserte me førebels tidsplan og tankar for jubileumsmarkeringa. Etter møtet med representantane vart tidsplanen ståande uendra.

Målet til nemnda har vore å lage eit arrangement som kunne samle bygda på ein arena der det er plass til alle. Nytt av i år er at det vert eitt samla borne- og folketog, noko som gjer at tidsbruken på Sundre vert meir komprimert og me la dermed til rette for at det og skulle vere tid til feiring i grendene. Sidan alle grender har ulike tradisjonar og program, var det ikkje mogeleg å lage ei felles feiring utan at også grendene endra noko på det tradisjonelle tidsskjemaet sitt. Nokon grender har valt å gjere dette, og andre ikkje.

Komplett program finn de på Ål kommune si heimeside, i ei samla lysing i Hallingdølen og i kommunal informasjonsbrosjyre som kjem i postkassa før 17. mai.

Med ynskje om ei strålande grunnlovsfeiring.

Hjartleg velkommen til Hallingdal feriepark.