Geilo taubane 1954 eller 1955. Foto: Grøvo/Hol bygdearkiv Foto: Hol bygdearkiv

Geilo-profilen må koma på plass att

Me hugsar den frå tida før det gjekk trekk og stolheisar i alle lier på Geilo. Taubanen, som var godt synleg i profil opp mot Geilotopppen, dei siste kilometerane på veg inn mot sentrum austfrå.

No er det planar om å få den plass att. Rett nok i ny form. Dei spinkle stolane, frå ur-banen, dei som dingla sidelengs opp lia, skal byttast ut med kabinar. Mastene blir sikkert grovare og høgare. Det er no ein gong meir av alt no for tida.

Nytt er også at planane for den nye taubanen, omfattar forlenging frå Geilotoppen til Havsdalen. Det blir dermed «Havsdalsbanen». I tillegg til å vere ein del av skianlegga, kan banen også bli kollektivtilbod for store deler av fritidshusværa i Havsdalen.

Slikt er ikkje uvanleg nedover i alpane. Ulike banar, anten dei er går på skinner, eller heng i kabel, blir nytta til heilt vanlege samferdselsoppgåver.

Så har då også geilingane, i hovudsak, likt om nokon dreg fram alpe-assosiasjonen; Norges St. Moritz.

Det siste er ikkje rart. Geilo har heilt frå starten hatt skiløypene og skianlegga heilt inn i sentrum, slik me kjenner det frå Alpane. Geilo er ein kompakt og solrik fjellandsby, bygd opp med jernbanen som naturleg sentrum.

Det var difor naturleg at geilingane, tidleg på 50-talet sto på jernbanestasjonen og såg opp mot Geilotoppen. Sjølv om det var etterkrigstid, og smått med midlar, våga dei å satse mot toppen. Slik sett har dei som vurderer å satse i notidas velstand, noko å strekke seg etter.

Den opprinnelege taubanen kom på plass i 1954. Ideen var tydelegvis god. Det vart 40 millionar passasjerar, før banen vart teken ned i 2011, etter nesten 60-års drift.

Det som mangla i alle desse 57 åra, var ei fornuftig løysing for å få passasjerane frå stasjonen, og ifrå sentrum, opp til banen. Dette har vore på tale lenge. Brua er under bygging no, og blir opna i desember.

Bru-løysinga er så openbert fornuftig, at det er naturleg å lure på kvifor den ikkje har kome tidlegare. Det same er eigentleg tanken om nybygging og forlenging av taubanen. Tanken har vore framme tidlegare, men har truleg kome inn i eit meir realistisk spor no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er difor å håpe at dei ferske planane om ny taubane kan bli gjennomført. Konkurransen om gjestene er hard, og det er viktig, også for Geilo, både å ha nye tilbod, og ikkje minst god praktisk tilrettelegging for alle, uansett fysisk nivå.

Ein ny taubane vil bidra til begge deler. Opning i 2024 vil høve med taubanens sitt 70-års jubileum, og prosjektet vil både stemme med, og forsterke, særpreget Geilo er kjent for.