Arkivfoto.

Fullstendig ansvarslaust på vegen

152 kilometer i timen er komplett ansvarslaus åtferd på vegnettet i Hallingdal. Nyleg vart denne farten målt under ein kontroll i 80-sone i Gol.

Sjåføren var ein mann i 20 åra. Han vart fråteken førarkortet på staden. Mest truleg ventar både fengsel og bot, i tillegg til ein lengre periode utan rett til å køyre bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterforskingsleiar Bent Øye seier politiet ser svært alvorleg på denne hendinga, i og med at det er snakk om så høg hastigheit. Det er fullt mogleg å bruke kraftigare uttrykk, men målinga talar sitt eige og klare språk.

Me vel å utbrodere noko meir enn det politiet gjer. Køyringa er fullstendig ansvarslaus. Fysikken som ligg til grunn for vårt syn er relativt enkel. Krafta aukar kvadratisk på farten. Det vil seie at når farten aukar ein gong aukar energien fire gonger.

Dei fysiske lovene set sterke spor når det går gale i høg hastigheit. Jamfør med det me ser ved krasj på racerbaner, der det verkeleg går fort. Det verkar som om køyretøya som kjem ut av kontroll aldri stoppar.

Den som utfører ei slik handling er truleg mest oppteken av å vurdere eigen risiko, opp i mot eige ego. Resultatet av vurderinga er at han, eller ho, vel risikoen.

Då bør det eigentleg halde å minne om at ei ulykke med ein person er involvert, til dømes ei utforkøyring kan koste samfunnet i millionar i helse og rehabilitering.

Involverer ulykka fleire offer snakkar me om enorme summar. Uansett kjem dei menneskelege kostnadene i tillegg. Sorg og sakn er ikkje gratis.

Risikotakarane langs vegen er gjerne svært interessert i køyring. Dei køyrer mykje, og ser på seg sjølv som dyktige førarar. Bilane som blir nytta er ofte meir eigna for motorveg og bane enn for fylkesveg i Bygde-Norge.

Når desse førarane tek med seg dei høge hastigheitene ut på vegnettet er det også rått parti overfor andre som er på vegen. Svingar og siktsoner inn mot kryss, til dømes, er utforma for 80 kilometer i timen eller mindre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å køyre med fart oppimot det dobbelte gjer det nesten uråd for andre trafikantar å reagerer i tide dersom noko går skeis.

Hallingdølen skriv i oppslaget om saka at politiet no har godt utstyr som fort kan flyttast og riggast opp for nye kontrollar. Det ynskjer me velkomen. Alle på vegen har sett grisekøyringa, alle snakkar om den og alle ynskjer at den skal ta slutt.