Etter krigen har kommunen vore den viktigaste velferdsprodusenten. Nasjonale politikarar lanserte nye velferdsreformer. Kommunane sette dei ut i livet, skriv kommunalminister Liv Signe Navarsete.(Illustrasjonsfoto).

Frå formannskapslover til velferdskommunar

14. januar er det 175 år sidan kong Karl Johan sa ja til formannskapslovene. Dei la grunnlaget for ei eineståande utvikling av velferd og lokalt sjølvstyre.

Denne veka har eg vore i India, det største demokratiet i verda. Noreg og India har ein samarbeidsavtale om lokal forvalting og lokaldemokrati. Store India ser at dei kan lære noko av litle Noreg, mellom anna om kvinner i lokalpolitikken.

Lovene frå 1837 har sett sine spor. Røynslene med å utvikle ein sterk kommunesektor kan kanskje bli ei eksportvare til land som er oppteken av deltaking og velferd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei landa som ser til Noreg, vil sjå at her har me innbyggjarar som forventar at kommunane leverer god omsorg, effektive tenester og godt lokaldemokrati.

Folkestyre

I 1830-åra var det ikkje opplagt at kommunane skulle få ei slik sentral rolle. Leiande politiske krefter likte ikkje kravet om at anda frå 1814, om det frie folkestyret, også skulle gjelde kommunane, ikkje berre staten. Men Grunnlova frå 1814 føresette vidare reformarbeid. Difor måtte det komme eit representativt folkestyre på lokalnivå.

Demokrati og velferd

Historia om korleis kommunane har utvikla seg sidan 1837, er både ei historie om framvekst av demokratiske institusjonar og velferdsordningar. Kommunane har vore pådrivarar for velferdsreformer som staten overtok. Døme er alderstrygd og uføretrygd.

Det er 175 år sidan Formannskapslovene vart innført. I høve jubileet har kommunalminister Liv Signe Navarsete skrive denne kronikken. – Dette er ei historie om framvekst av demokratiske institusjonar og velferdsordningar, skriv Navarsete.

Kommunane tok også initiativ til sparebankar, forsikringsselskap, elektrisitetsverk og samferdsleselskap. Dei dreiv sjukehus, utvikla bustadpolitikk, skulepolitikk og planpolitikk.

Etter krigen har kommunen vore den viktigaste velferdsprodusenten. Nasjonale politikarar lanserte nye velferdsreformer. Kommunane sette dei ut i livet. Eldreomsorga er eit godt døme. Ho har vakse fram sidan 70-talet. Dei heimebaserte tenestene, som me i dag tek som sjølvsagt, blei utvikla av kommunane. Omsorga hadde ikkje vore så stor og effektiv utan lokal forankring og styring.

I dei seinare åra har kommunane gått føre på kulturfeltet, i næringsutvikling, fritidstilbod og integreringsarbeid. Barnehageløftet er realisert av kommunar, i samspel med staten og private aktørar.

Me er i gang med ein samhandlingsreform på helseområdet. Reforma spring ut av kommunal nytenking om førebygging og betre pasientbehandling lokalt.

Me snakkar om velferdsstaten, men meiner velferdskommunen. Det er difor all grunn til å vere stolt av kommunesektoren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange utfordringar

Samstundes er jubileumsmarkeringa eit høve til å peike på utfordringar for lokalt sjølvstyre og velferd. Pendelen mellom statsdirigering og den initiativtakande og nybrotsskapande kommunen har alltid svinga.

Gjennom historia er det jo nettopp omstillingsvilje og evna til å ta på seg stadig nye oppgåver som har særmerka kommunane. I dag framstår kommunesektoren som både innovativ, veldriven og lokalt tilpassa.

Samstundes er det utfordringar. Eg har lagt vekt på at ein moderne kommune må ha god leiing, driva effektivt og vere open mot omverda.

Formannskapslovene er ein bauta i norsk politisk historie. Dei la grunnlaget for folkestyre og ein sterk kommunesektor. Difor er det vel verdt å feire dei 175 åra.

Me snakkar om velferdsstaten, men meiner velferdskommunen.

Liv Signe Navarsete,

kommunal- og regionalminister (Sp)