Norge og Sverige freistar å få stølslivet inn på UNESCOS liste over kulturarv det er vel verd på ta vare på. På biletet her er livet på stølane representert ved kvikaku, rømme og rabarbrasaft.

Fortent og spennande lyft for seterkulturen vår

Norge og Sverige har gått saman om å prøve å sikre seterkulturen i Norden ein plass på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Avgjerda er teken på regjeringsnivå, og den svenskane leverte nyleg nominasjonen vegne av dei to landa.

Søknaden er resultat av ein prosess på grasrota. Organisasjonen Norsk Seterkultur har vore pådrivar her til lands. Arbeidet med å få fram nominasjonen har gjort mange, også utanfor organisasjonen, meir medvitne om kva verdiar som ligg i seterkulturen. Gjennom prosessen har initiativtakarane motteke 110 støttebrev frå ulike hald i dei to landa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norsk Seterkultur peiker på at seterdrifta utgjer unik og viktig kulturarv. Den omfattar både mattradisjonar, kompetanse, kunnskap, bygningar, landskap, historie og biologisk mangfold. Tradisjonen utgjer også ein unik plass for formidling og opplevelsar. Seterdrifta er ein like sentral del av norsk kulturarv som stavkyrkjene.

Det er viktig å merke seg at nomineringa skal avspegle dagens situasjon. Ikkje berre korleis seterlivet var for hundre år sidan. I Norge var det i 2022, 744 setrer i drift. For Norsk Seterkultur er det naturleg nok eit viktig mål at desse held fram, og at talet helst aukar. Nominasjonen, og ei eventuell tildeling er slik sett viktig marknadsføring.

Nominasjonen skal no vurderast av ein internasjonal komité, utnemnd av UNESCO. Dersom den også går gjennom, vil innskrivinga på lista for immateriell kulturarv skje i desember 2024. Det skjer i så fall etter at FN-organisasjonen har vurdert dokumentasjon i form av tekst, bilete og film.

Me meiner dette er ein gledeleg framstøyt. Stølslivet har alltid vore viktig i øvre Buskerud. Sjølv om talet på stølar med tradisjonell drift har gått ned til ein brøkdel dei siste femti åra, så er det framleis slik at store deler av befolkninga i vårt område veit kva slag tradisjon dette er.

Det siste er ikkje rart. Ein kvar sommartur til fjells i vårt område fører oss inn i eit landskap prega av stølar og stølsdrift. Utanfor dei store hyttekonsentrasjonane, så er det framleis stølane, og landskapsutforminga desse har stått for, som dominerer.

Dermed er dette meir enn ein tradisjon. Det handlar om sjølve utforminga av kulturlandskapet langs åsvegar og stigar. Å ta vare på sjølve grunngjevinga for at områda har vorte slik dei framstår i dag, er viktig. Ei anerkjenning frå UNESCO, som blir nytta på rett vis kan bidra til dette. Me ynskjer difor søknaden lukke til på vegen.