Dei to lamma som vart funne måndag denne veka har ingen ytre skade, men er truleg sprengt. Eigar Tor Grøthe sa til Hallingdølen måndag at han rekna med dei ville døy.

Følg loven og set hunden din i band

To gonger i løpet av dei siste to vekene har Hallingdølen skrive om sau som er tatt av hund. Først ei stygg sak i Hol, der fem sau vart riven i hel og fire var sakna etter hundeangrep. Måndag vart to lam borne ned frå fjellet i Hemsedal, så hardt skadd at dei truleg ikkje ville overleve.

Det burde vere godt kjent for alle, men: Frå 1. april til 20. august er det bandtvang i Norge. I loven om hundehald står det at bandtvangen er der for at hundane ikkje skal kunne jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, samt viltets egg, reir og bu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ein lovtekst. Loven gjeld for alle. Den gjeld også deg som til stadigheit lar hunden din gå laus, og unnskylder det med å seie «men hunden min er jo så snill». Og: «han går aldri langt frå føtene mine». Det gir deg framleis ikkje rett til å bryte loven. For å seie det på ein annan måte: Om du køyrer langt over fartsgrensa og blir stoppa i kontroll, hjelper det ikkje at du seier «men eg er jo ein god sjåfør, og har aldri køyrt av vegen». Ein lov er ein lov, det er ikkje rom for unntak.

Å sjå dyr som har blitt øydelagt av hund, er eit brutalt syn. Sauene som har blitt funne i løpet av dei siste par vekene har hatt store skader. Lamma som vart funnen måndag, var rett og slett sprengt. Om du har ein hund som spring laus, kan det godt vere han ikkje har til hensikt å jage eller drepe. Kanskje han berre er glad og vil leike med dyr den møter. Men det hjelper lite for beitedyra som blir offer for leiken, og spring til dei stupar.

Å la hunden sin gå laus i den perioden det er bandtvang, er ikkje anna enn pur egoisme. Om det trengst gode argument for å klipsa bandet på hunden din, er lista lang. Død og skadd sau er eit skrekkeksempel. Men kven veit kor mykje vilt som går tapt på grunn av hundeangrep gjennom sommarhalvåret.

Då er viltet ekstra sårbart. Det er på denne tida dei kalvar og legg egg. Små killingar og kalvar, eller for den del rypekyllingar, har ingen moglegheit til å berge seg mot ein hund i fri dressur. Det er verdt å hugse at ein hund kan øydelegge mykje sjølv om han ikkje er langt frå føtene dine. Om han er ti meter inne i skogen, kan han framleis kome borti eit reir eller ein killing som ligg gøymt. Mordyr kan bli skremt eller jaga vekk, noko som kan vere skjebnesvangert for unge dyr som blir forlate.

I år er det ekstra mykje folk i fjellet. Dermed også mykje hundar. Dei aller, aller fleste er flinke og respekterer bandtvangen. Om du er blant dei som pleier å la Fido springe laus, bør du tenkje deg om både to og tre gonger. Du utset andre dyr for fare. Din hund har også instinkt og ein porsjon jaktlyst i seg, sjølv om han er liten, snill eller ikkje er definert som ein jakthund. Men kanskje finn du ikkje ut kva som triggar jaktlysta før det er for seint.

Dessutan kan det vere du møter menneske som ikkje er like glad i hund som deg. Det bør du også respektere. Slutt å vere egoist. Følg loven, og set hunden din i band.