Fasit etter flaumen - kraftmagasina berga oss
Hans var ille. Men flaumen kunne vorte mykje verre. Utan kraftutbygginga i etterkrigstida, ville dei økonomiske skadane vore dobbelt så store i Nesbyen, og fire gonger så høge i Gol
Kraftselskapet Hafslund har leigd inn konsulentfirmaet Multiconsult til granske korleis kraftanlegga, og styringa av desse fungerte, før, under og etter uvêret i sist sommar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eitt av ankepunkta ute blant folk var at selskapet starta tappinga av damanlegga for seint. Førehandstapping kunne gjeve meir plass til dei kolossale nedbørsmengdene, vart det hevda. I bakgrunnen her låg skumling om frykt for å tape pengar, ved å sleppe ut for mykje vatn.
Rapporten frå konsulentfirmaet seier, ifylgje Hafslund, at tidlegare tapping ikkje ville hatt så mykje å seie. Dette kan ha samanheng med at det fyrst tett inn mot uvêret vart klart kor mykje energi det verkeleg var i «Hans».
Det høyrer også med til historia at svært mykje av nedbøren som uvêret førte med seg kom utanom dei store kraftmagasina i høgfjellet.
Nedbør nedstraums Ustevatn, Strandavatn, Stolsvatn og Flævatn går via sideelvene i hovudsak rett ut i Hallingdalsvassdraget. Det var særleg dette vatnet som i hovudsak førte til dei store skadene i Hol, Ål og deler av Gol. I Nes var hovudvassdraget det største problemet.
Fasiten som no er komen stadfestar også at det ville gått mykje verre utan reguleringa. Mykje vatn vart halde att i dei store magasina. Det gav betre plass for nedbøren som kom nedstraums desse.
Vasskrafta er gull for Hallingdal. Flaumberedskapen som anlegga utgjer er også gull verd. Når ein 100-års flaum blir redusert til ein 20- eller 30-årsflaum, seier det seg sjølv at det er enorme verdiar som er berga.
«Hans» var heldigvis ei hending langt over det me til vanleg ser her i Hallingdal. For selskapet som styrer kraftanlegga i dalen var den også ein skikkeleg test av beredskapen. Øvingar og simulering er vel og bra, men det er dessverre verkelege hendingar som syner korleis det eigentleg står til.
Hallingdølen meiner Hafslund kom godt ifrå denne prøva. Selskapet vil sikkert finne læringspunkt til seinare bruk, og diskusjonen vil truleg gå vidare. Det er imidlertid positivt at selskapet let uavhengige vurdere korleis det gjekk, og at vurderinga blir gjort kjent. Det er ingen tvil om at selskapet tek samfunnsansvar og spelar på lag med lokalsamfunnet.
Artikkelen held fram under annonsen.