Politiet gjorde seg onsdag klare for å møte ein mann som var observert med kniv nær Flå Barnehage. Det viste seg å vera ein sopp-plukkar.

Enkel etterpåklokskap

Mannen som var på ein heilt uskuldig sopptur i skogen i Flå denne veka fekk seg ei saftig overrasking då han kom ut frå skogen. Der vart han møtt av politiet, som var på leiting etter ein knivmann. Dette synte seg å vere sopplukkaren.

«Sjølv om situasjonen er dum, kan me ikkje klandre tipsaren for det. Det er flott at innbyggarane er så merksame på kva som skjer rundt oss», sa sopplukkaren og kona hans i eit intervju med Hallingdølen etter hendinga. Me er heilt einig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessverre er det ikkje alle som ser slik på hendinga. Etter at situasjonen var avklart i Flå, kraup nemleg «besserwissarane» fram. Dei som veit best. Dei kjem helst fram når etterpåklokskapens lys blir skrudd på og kommentarfelta ligg klare som ubrukte og blanke lerret. Då er dei tydelege i talen.

Det tok ikkje lang tid etter at situasjonen var avklart før saka begynte å leve eit liv i sosiale medier. Tipsaren fekk av fleire passet sitt påskrive for å ha overreagert. Politiet fekk også enkelte stikk fordi dei rykte ut med fullt trøkk.

Ja, denne gongen var det ein heilt ufarleg situasjon. Ei misforståing, som enda med ein aksjon som i ein times tid skapte frykt i bygda. Det er sjølvsagt synd. Men la oss snu saka på hovudet: Kva om tipsaren hadde valt å ikkje seie frå - og det hadde vist seg å faktisk vore ein ondsinna knivmann ved barnehagen med heilt andre hensikter enn å gå på sopptur? Kva om dette hadde vore ein reell trussel, og politiet ikkje hadde blitt varsla?

Då hadde pipa hatt ein heilt annan lyd blant dei som alltid veit best. «Dette burde nokon ha sett», «kvifor reagerte ingen på dette». Det er lett å sjå for seg korleis kommentarfelta hadde sett ut då.

Me har sett fleire døme på situasjonar der det har gått gale fordi folk ikkje har meldt frå eller fordi politiet ikkje har aksjonert tidleg nok. La oss heller prise oss lykkeleg for at det denne gongen utspelte seg ein fullstendig ufarleg situasjon i Flå. Var det ikkje også ei god øving? Barnehagen fekk testa ut sine rutinar ved ein alvorleg situasjon. Det same fekk kommunen. Og politiet. Alt fungerte utmerkt. Barnehagen stengde dørene og varetok både ungar og foreldre på ein god måte. Politiet var raskt på staden, fekk avklart området og roa dei som var i nærleiken. Og dei fann mannen, som i dette tilfellet viste seg å vere ein heilt uskuldig sopplukkar.

Me minner om dette: Etterpåklokskap er den mest eksakte - og enkle - vitskap.