Elendig handverk

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) og regjeringa står ribba attende. Men bøndene jublar. Utfallet av årets jordbruksoppgjer vil bli avgjort av Stortinget. Høgre og Fremskrittspartiets ynskje om ei storstilt omlegging av norsk landbruk havarerte i fyrste runde.

Etter nokre timars forhandlingar vart det brot i jordbruksoppgjeret. Regjeringa tilbaud 150 millionar kroner. Berre ein tiandedel av kva bøndene forlangte. Samstundes la regjeringa opp til store strukturendringar – meir marknad, meir industrijordbruk, større gardar og kutt i støtteordningane. Store bruk på Jæren og Trøndelag vart premiert med auka tilskot. Små og mellomstore bruk – sjølve ryggrada i norsk matproduksjon – skulle «betale» med inntektsnedgang. – Dette er ei total omlegging av norsk landbrukspolitikk. Resultatet vil bli rasering av distriktsjordbruket, attgroing av kulturlandskapet, mindre sjølvforsyning, fråflytting og store endringar av busetjingsmønsteret, hevda bondeorganisasjonane som har aksjonert og protestert dei siste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Hallingdal har det vore sterke reaksjonar. Solide Høgre-veljarar som tidlegare ordførar i Ål, Knut Haug, seier han vurderer å melde seg ut av partiet. Urettferdig og skuffande, var Haugs kommentar til regjeringa sitt tilbod.

Jordbruksoppgjera skal vedtakast av Stortinget. Ved forhandlingsbrot blir til vanleg regjeringas siste tilbod vedteke. Dette var også Listhaug sitt opplegg. Men landbruksministeren bomma. Samtlege opposisjonsparti, også støttepartia Venstre og KrF, varsla at dei ikkje ville røyste for regjeringas tilbod. Dette var også bakgrunnen for torsdagens forhandlingsmøte mellom regjeringspartia, Venstre og KrF. Regjeringa sa nei til Venstre og KrF sine krav om meir pengar i potten og braut forhandlingane. Dermed går årets jordbruksoppgjer til Stortinget. Uansett utfall vil resultatet bli betre enn regjeringas tilbod. Difor jublar bøndene.

Spelet kring jordbruksoppgjeret vitnar om ein land-bruksminister utan bakkekontakt. Som trur ho kan ture fram som ho vil. Som prøver å presse gjennom ein landbrukspolitikk det ikkje er fleirtal for på Stortinget. Og som heller ikkje har forstått at ho representerer ei mindretalsregjering. Listhaug burde ha sikra seg ryggdekning på Stortinget i forkant av jordbruksforhandlingane. Det gjorde ho ikkje. Kaoset er difor eine og aleine hennar ansvar.

Men det er også eit alvorleg prestisjenederlag for regjeringa. Eit nederlag som kan få konsekvensar for Listhaugs vidare politiske liv. For korkje Høgre eller Fremskrittspartiet kan leve med ein fagstatsråd som gong etter gong legg seg ut med bøndene. Som provoserer, som ikkje evnar å lytte til andre, som legg seg ut med politiske støttespelarar og som attpåtil utøver dårleg politisk handverk.