Eit godt tiltak - med Gol på sidelina

25.000 kroner skal kvart år slettast frå studielåna til dei som tek seg arbeid i ein av dei 189 minst sentrale kommunane i landet. Det er, naturleg nok, Senterpartiet som står i spissen for framlegget.

Framlegget blir fyrst realitet dersom Ap og Sp får SV med seg under handsaminga av statsbudsjettet for neste år. Sidan det neppe er råd å få til eit større stortingsforlik om ei slik sak, vil ordninga også vere utsett for politiske svingingar, som eit eventuelt skifte av regjering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Radikale distriktstankar, som dette, har ikkje vore i vinden på lang tid. Tala syner kor vidtgåande forslaget er. Ein familie, der to har gjeld etter utdanning, vil kunne hente inn 50.000 kroner i året gjennom ordninga.

Faktisk er dette så mykje pengar at det fort vil løyse ut kreative tankar om korleis få tak å godbiten. Ei anna betenkeleg side er at behovet for bistand med nedbetaling av studielån er svært variabelt, for å seie det mildt. Det er også grunn til å minne om at for ein del er studielånet fyrst og fremst finansiering av bustad.

Les også
Ingvil har studielån - men bur i den einaste kommunen der lånet ikkje blir sletta: – For oss som er i etableringsfase er det mykje pengar

Lokalt har det vekt oppsikt at framlegget ikkje gjeld heile Hallingdal. Gol scorar 679 poeng på ein sentraliseringsindeks, der kravet for å vere med i ordninga er på 670. Dei øvrige kommunane i dalen ligg alle over 613 poeng.

Ål scorar 651 på den same indeksen. Dermed blir det underleg at Gol ikkje skal koma inn under ordninga. Slik den er utforma kan ein litt folkeleg spå god vekst på Torpo.

Meir seriøs er truleg ei innvending om at med Gol på utsida vil ordninga skape skeivheit både på bustadmarknaden, og i konkurransen om arbeidskraft.

Konkurransen mellom bygdene har alltid vore eit innslag i Hallingdal. Det har til no vore ein sunn og fredeleg kappestrid. I dette tilfellet er det meir brutalt. Gol vil aldri med eigne midlar kunne kompensere tilbodet frå staten.

Les også
Foreslår å slette 25.000 kroner av studielånet kvart år, men ikkje over alt: – Eg vil tru at Gol vil nyte godt av at det blir meir attraktivt å bu i nabokommunen

Hallingdølen har difor forståing for at Gol-ordføraren ynskjer å legge arbeid i å påverke saka. Det blir litt vel underleg at stort sett ganske like kommunar blir ståande på kvar si side av ei usynleg grense, i ei så viktig sak som dette faktisk er.

Konkurransen mellom bygdene i Hallingdal er likevel ikkje det viktigaste her. Ordninga er faktisk eit varsel om ei solid opp-prioritering av distrikta. I ei tid der det er bylivet som lokkar mange unge, er det viktig å gjere bygdene i stand til å konkurrere. Det er den verkeleg viktige konkurransen for Bygde-Norge i denne samanhengen.

Artikkelen held fram under annonsen.