Steinar Bleken har gjort øvinga der han bad både Hemsedal kommune og datatilsynet om innsyn i dokument knytt til varslarsaka. Utfallet frå dei to instansane var ganske ulikt.

Eit alvorleg varsku frå Hemsedal

Datatilsynet har loggført 23 dokument knytt til varslarsaka i Hemsedal. Den kommunale postjournalen inneheld berre seks dokument mellom kommunen og tilsynet, om den same saka.

Det kan vera ulike forklaringar. Tilfeldigheiter, manglande rutinar, mistydingar, dårlege vanar, eller eit reelt ynskje om å halde ting skjult. Uansett årsak er det berre eitt å seie: Det er ikkje haldbart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Postjournalen til kommunane er grunnfjellet i eit opent demokrati, som vårt. Open flyt av dokument, inn og ut av kommunehusa, er grunnlaget innbyggarane treng for å ha tillit til at alle blir behandla likt og korrekt. Journalføringa er med andre ord heilt grunnleggande. Dersom dei små kommunane me har i dag ikkje klarer denne jobben, er det rett og slett eit svært godt argument for å slå saman Hallingdal til ein kommune.

Årsaka til det siste er enkel. I små kommunar kjem ein ikkje unna tette band mellom politikk, administrasjon og private interesser. Det kan difor vera lettare å nå fram med ynskje om utsett, eller ingen, journalføring.

Ein skal heller ikkje arbeide mykje med offentleg forvaltning før ein ser at større organisasjonar er meir profesjonelle på dette feltet. Kartlegginga Steinar Bleken (V) la fram i Hemsedal kommunestyre, peikar i same lei.

Det er også eit grunnleggande prinsipp i forvaltninga at det skal vera høve til å klage. Men: Den som ikkje veit kva som går føre seg, er fråteken klageretten. Manglande journalføring stenger ute andre meiningar og behov.

Ein sikker veg til å forgifte eit samfunn, er å halde nokon utanfor. Å ikkje vite kven det er som får draghjelp frå det offentlege, og kven som blir ståande att utan, er og blir øydeleggande.

Nokon vil innvende at ikkje all kommunikasjon skal vera offentleg. Det er rett. Men den skal vera opent registrert, og grunnlaget for å halde attende informasjon skal vera kjent, og forankra i lovverket.

Me i Hallingdølen er opptekne av dette. Ikkje fordi me er sure når me ikkje får vite nok. Men fordi me har forstått, og trur på, kor grunnleggande fri informasjonsflyt er for demokratiet.

For eigen del, vil me også nytte høvet til å ta sjølvkritikk. Me fylgjer ikkje alltid godt nok med på den kommunale handteringa av dokument. Arbeidet krev tid, og ikkje minst, at ein er både ihuga og nidkjær.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vår verd er det likevel inga god unnskyldning at kommunane ikkje alltid gjer denne oppgåva lett for oss. Så ved å skrive det du no har lese, så har me fanga oss sjølv i eit nyttårsløfte om å bli betre.