Hallingdølen har no eit opplag på 10.733.

Ein takk til deg

Kjære deg som no sit med papiravisa i handa eller les Hallingdølen på skjerm: Tusen takk for at du vel å bruke tida di og pengar på lokal journalistikk.

Denne veka fekk medienorge ferske opplagstal. Dei var svært gledelege for oss i Hallingdølen. Frå i fjor haust til i år har me auka opplaget til 10.733. Det er tal som nesten ikkje er til å tru, i ein region med litt over 20.000 innbyggarar. Me veit at cirka ein tredel av abonnentane våre bur utanfor Hallingdal, og synest det er godt å sjå at også dei, utflyttarar og hyttefolk, ser verdien i å halde seg oppdatert på det som skjer i lokalsamfunnet på heimplassen eller i hyttekommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvifor er desse tala så viktige for oss? Opplagstala er ikkje gledeleg berre fordi me kan ete kake og sprette champagnen på avishuset. Vekst i opplaget seier noko om samfunnet rundt oss. Lokalavisene står sterkt i Norge, noko som vart veldig klart under pandemien. Då fekk lokalavisene verkeleg testa sin posisjon som samfunnets «lim og lupe». I det som vart ei krisetid i landet søkte folk seg til lokale medier for å halde seg oppdatert.

Og heldigvis har svært mange valt å bli. I Hallingdølen er me glad for rolla vår som lim, som ein aktør som kan vere med på å binde dalen saman. Sjølv om me alle har det næraste forholdet til vår eigen kommune, er me del av ein samansett region. Det er viktig å følgje med på kva som rører seg og skjer i andre krikar og krokar av dalen enn berre der me bur. Me prøver også å ta fram lupa så ofte me kan, for å sjå på aktørar rundt oss med eit kritisk blikk. Det er ikkje alltid me klarer det så godt som me skulle ønske - men me prøver.

Me elskar papiravisa vår. Den står framleis veldig sterkt. Men me opplever ein sterk vekst i digital lesing, noko som gleder oss stort. Det digitale er framtida, og me er stolt av at det berre er nokre få medier i Norge som har hatt ein større prosentvis vekst i dagleg digital dekning enn oss. Dei digitale tala har gjort at me kan skru journalistikken vår i rett retning, og skrive endå meir om det som folk er opptatt av.

Det er ei takknemleg oppgåve å lage journalistikk i Hallingdal. Her bryr folk seg om det som skjer rundt dei, og er engasjert i lokalmiljøet sitt. Både det som skjer med folk dei kjenner, butikken dei handlar i eller politiske avgjerder som blir tekne.

No går me inn i eit uroleg vinterhalvår. Me er spente på utviklinga når folks privatøkonomi blir strammare. Men me håpar du framleis synest det er viktig å halde lokalavisa, og vere oppdatert også i trasige tider. Til deg som alt les Hallingdølen: Tusen takk. Til deg som vurderer å bli abonnent: Hjarteleg velkommen om bord!