Jan-Eirik Thorberg vel å ikkje sjå VM i år.

Ein stygg pris

Fotballgeneral Jan-Eirik Thorberg har bestemt seg for å droppe VM i fotball. Han er ikkje aleine. Ei landsomfattande spørjeundersøking som Respons har gjort på oppdrag for VG, viser at heile 1 av 5 nordmenn vil boikotte meisterskapen.

Bakgrunnen bør vere kjent: VM arrangerast i Qatar. Dei siste åra har det vore mange kontroversar rundt både tildelinga av meisterskapen og ikkje minst skuldingar om brot på menneskeretter. Me meiner det står respekt av at folk som «Jansen» tek eit standpunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så er spørsmålet; har det noko å bety om TV-sjåarar i Norge vel svart skjerm under VM? I utgangspunktet ikkje. Det magre håpet er at eit fall i sjåartal vil bli lagt merke til; både av dei som har rettar til å sende meisterskapen på TV, sponsorar og i siste omgang FIFA sjølve. Me kan håpe at ei slik skandale-tildeling som VM i Qatar ikkje vil gjenta seg. Men det er vel å tru på julenissen.

Me kan likevel ikkje sitje heime med skyggelappar på. Me må ta innover oss at fotballfesten som blir synt på TV, har kome med ein blodpris. Det aller mest alvorlege er millionane med migrantarbeidarar frå fattige land, som har budd og levd under vanskelege forhold. Mange, ukjent kor mange, har måtte bøte med livet.

Brot på menneskerettar, ein elendig pressefridom og migrantarbeidarars dystre skjebne. Mange har spurt om det verkeleg er mogleg å spele fotball på «gravene» til desse menneska? På arenaer bygd av «verdilause» arbeidarar, ein jobb som har kosta mange av dei livet? Svaret er dessverre ja. For på sundag går opningskampen i VM, mellom vertsnasjonen Qatar og Ecuador.

Kvifor i alle dagar fekk ein nasjon som Qatar VM? Ikkje har den unge nasjonen lange tradisjonar for fotball. Ikkje hadde dei flotte arenaer og infrastruktur som stod klar. Ikkje kan meisterskapen spelast på sommaren. Nei, Qatar har kuppa til seg VM. Ei amerikansk etterforsking har avslørt at styremedlemmer i FIFA skal ha tatt imot millionar av kroner for å gi si stemme til Qatar. Og vips: No kan nasjonen «sportsvaske» seg for heile verda.

Det er bra at forstørringsglaset har blitt retta mot forholda i Qatar. Men me må ikkje gløyme å også ta fram kikkerten. At ein stor meisterskap blir tildelt ved at pengar blir lagt på (eller helst under) bordet, er ikkje nytt. Det er heller ikkje nytt at menneske må lide når ein nasjon skal gjerast meisterskapsklar. Me har sett det fleire gonger før, og me kjem til å sjå det igjen.

Me heiar på folk som viser motstand mot Qatar. Men me må heller ikkje gløyme at det er sjølve systemet som er det store og verste problemet.