Ein spennande tanke

Kan Nore og Uvdal blir ein del av Hallingdal når det skal teiknast nytt kommunekart? Ja, meiner ordførar Eli Hovd Prestegården (Sp). Det same meiner gruppeleiaren i Nore og Uvdal Fremskrittsparti, Per Lassegård.

For eit par veker sidan presenterte kommunalminister Jan Tore Sanner (H) framdriftsplanen og dei økonomiske rammene for regjeringas storstilte kommunereform. Innan hausten 2016 må alle kommunar avklare kven dei vil slå seg saman med. Dette vil i sin tur legge føringar for regjeringas forslag til ny kommunestruktur. Ifylgje Sanner er målet stortingsbehandling våren 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa lokkar med både gåver og støtteordningar. Samstundes blir det slått fast at motvillige kommunar risikerer tvangssamanslåing. Støtteordningane avslører at regjeringa ynskjer kommunar med minst 10.000 innbyggarar.

Nettopp det siste har ordføraren i Nore og Uvdal, Eli Hovd Prestegården, merka seg. Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal har eit års tid hatt kommunesamanslåing som tema. Eit konsulentfirma står klar til å utarbeide ein forstudie dersom kommunestyra seier ja i junimøta. Men etter utspelet til kommunalministeren, er det slett ikkje sikkert at det blir positivt vedtak i Nore og Uvdal. Ei samanslåing av Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal vil gje 6.500 innbyggarar. – Dette blir for lite, hevdar Prestegården som legg til at det er uaktuelt å gå saman med Kongsberg. – Kongsberg er stor nok frå før. For oss er samanslåing med Hallingdal meir relevant.

Å knyte Nore og Uvdal tettare til Hallingdal er ein spennande tanke. Geografisk er det til og med naturleg. Kommunen grensar til både Hol, Ål, Nes og Flå. Utfordringane og problemstillingane er like. Og fellestrekka er mange. Ikkje minst næringsmessig. Nore og Uvdal er ein skog- og landbrukskommune med småindustri og turisme som viktige næringar. Nett som Hallingdal. Store deler av Hardangervidda ligg innanfor kommunens grenser. Som nasjonalparkkommune har ein felles interesser med Hol. Dessutan er Nore og Uvdal ein stor kraftkommune. Også her har ein felles interesser med Hol, men også Ål.

Summen av dette syner at det slett ikkje er unaturleg om Nore og Uvdal orienterer seg mot Hallingdal. Dette kan gjerast ut frå to modellar. Anten ved å slå saman Hol, Ål og Nore og Uvdal til éin kommune med godt over 10.000 innbyggarar. Eller ved at Nore og Uvdal går saman med alle hallingdalskommunane i ein ny storkommune.

Som sagt – ein spennande tanke. Ballen ligg hjå hallingane som snarast bør kalle inn til eit uforpliktande drøftingsmøte med leiinga i Nore og Uvdal.