SV-politikarar besøkte Gol vidaregåande skule sist veke for å prate med elevane som er frustrert over skuleskyssen.

Ein risikosport som ingen ønsker å ha

Både foreldre og ungdommar har reagert på korleis det ser ut på skulebussen mellom Gol og Geilo. For ei veke sidan slo ei bekymra mor alarm etter at fem elevar som skulle frå Ål til Gol måtte sitje i midtgangen. Det er ikkje den einaste situasjonen me har fått tips om som har handla om overfylte bussar.

Tiril S. Gjeldokk i Hallingdal SU er ei handlekraftig jente. Ho har filma situasjonen på skulebussen og tatt til orde for endring. Sist fredag kom stortingsrepresentant Kathy Lie (SV) til Gol for å sjå med eigne auge korleis skuleskyssen går føre seg. Ho likte ikkje det ho såg.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Viss eg tek bussen frå Lier til Oslo og blir tatt i kontroll utan belte, så får eg bot. Her seier dei at det er greitt at ungdommen står som sild i tønne og blir slengt rundt i 80 km/t. Det er heilt uhaldbart», sa Lie. Det er umogleg å ikkje vere samd.

Me veit alle at det ikkje alltid går bra på Rv7. I vinter har det vore mange viltpåkøyrslar og tidvis glatt veg. Det er mykje som kan føre til at bussen blir tvinga til å bråstoppe. Korleis er det då å vere skuleelev, og sitje eller stå usikra? Det er ikkje rart ungdommen er bekymra for sin eigen sikkerheit, og det er ikkje rart foreldre kvir seg for å sende sine med bussen.

Då Lie var på besøk fekk ho sjå korleis det går føre seg. Då bussen kom stimla ungdommane saman. Det handla om å kome seg tidleg innpå, både for å få sitjeplass - og for å i det heile tatt få bli med. Nokre ungdommar vart ståande att, dei måtte vente på ein seinare buss.

Brakar har ansvar for tilrettelegginga av skuleskyssen i Hallingdal. Dei seier at det er lov med ståplassar på denne typen buss når farta er inntil 80 kilometer i timen. Det er ikkje noko dei ønsker, seier dei. Likevel skjer det.

Det er to tankekors her. Det burde rett og slett ikkje vore lov i utgangspunktet med ståplassar som fraktar passasjerar på ein veg med 80 km/t-grense. Ein bråstopp kan bli fatal. Det står også i rettleiinga til Brakar for skuleåret 2022/2023 at skysstilbodet skal dimensjonerast slik at elevar med rett til skyss skal ha tilgang til sitjeplass med bilbelte fastmontert.

I så fall hjelper det ikkje at bussane i teorien kan ha 20 elevar ståande i midtgangen. Då må Brakar gjere grep - det seier dei at dei har gjort, ved å setje inn ein ekstra buss på den avgangen som er belasta. Likevel har me sett at den første bussen som går, er proppfull.

Då kokar det ned til at sjåføren må ta ansvar for å ikkje køyre med ein buss som er for full. Når siste sitjeplass er tatt, burde resten av elevane få beskjed om å vente på neste avgang. Det reknar me med at Brakar tek tak i, og går i dialog med sjåførane om.