Arresterte lærarar i Kirkenes. Skulekonflikten toppa seg våren 1942, då ei lov om obligatorisk innmelding for alle lærarar i det NS-initierte Lærersambandet blei annonsert. Dei aller fleste lærarane nekta medlemskap, og om lag 1100 av desse vart ble arrestert. Mange av dei vart sendt til Kirkenes, der dei satt internert under harde forhold. Foto: Riksarkivet

Ein motstandsmann frå Gol

Den 1. februar i 1942 vart Vidkun Quisling innsett som ministerpresident for «den nasjonale regjering.» Allereie fire dagar etter underteikna han lova om lærarorganisasjonen «Norsk Lærersamband».

Motstandsrørsla såg på den nye organisasjonen som ein reiskap for å nazifisere undervisinga, og det fyrste steget for å danne eit yrkesbasert «riksting» som skulle erstatte Stortinget.

Ivar E. Roe: Ein av desse var golingen Ivar E. Roe. Lærar i Gran på Hadeland. Fødd på garden Nedre Roe i 1887. Han vart internert på Gjøvik, seinare på Jørstadmoen før han hamna i Kirkenes.

Lærarane vart pålagde å melde sig inn i lærarsambandet. Berre 1200 av landets 14000 lærarar fylgde ordren, trass i trugsmål om oppseiing og tap av løna. I staden sende 11000 lærarar individuelle protestbrev til Nasjonal Samling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men lærarane skulle kuast. 1100 mannlege lærarar vart arresterte 20. mars av norsk politi. Fleire hundre vart sende til forskjellige fangeleirar rundt om i landet. 650 vart deporterte til Kirkenes i løpet av april og mai 1942.

Ein av desse var golingen Ivar E. Roe. Lærar i Gran på Hadeland. Fødd på garden Nedre Roe i 1887. Han vart internert på Gjøvik, seinare på Jørstadmoen før han hamna i Kirkenes.

Norsk skuleblad 14. februar 1942: Lov om Norges Lærersamband, «en faglig sammenslutning som tjener som mellomledd mellom lærerne og de offentlige myndigheter», signert «ministerpresident» (statsminister) Vidkun Quisling, statsrådsskretær, seinare kulturminister Rolf Jørgen Fuglesang og kirke- og undervisningsminister Ragnar Skancke 6. februar 1942. Foto: Kopi fra utstillingen i Norges Hjemmefrontmuseum i Oslo

Trakassering

På Jørstadmoen vart fangane utsette for trakassering og sterke fysiske påkjenningar, mellom anna åling i våt snø. Etter slike audmjukingar vart dei stilte opp på rekke der dei som ville trekke seg, skulle gi teikn. Nokre få trekte seg eller vart sjuke. Resten vart sende i kuvogner med tog til Trondheim. Vognene var veldig tronge og var ei stor fysisk påkjenning. Dei visste ikkje kvar dei skulle, og var redde for å ende opp i tysk konsentrasjonsleir.

Dei 500 fyrste vart sende til Kirkenes med skipet «Skjerstad», dei siste 150 litt seinare med «Finnmarken.» Skjerstad var bygt for 250 passasjerar. Om bord var det så trongt at ikkje alle kunne liggje samstundes. Toalettforholda var elendige.

Oppover langs kysten hadde allierte og tyske skip i konvoiar vorte senka. Skjerstads ferd var på utsida av ein tysk konvoi. Lærarane vart brukte som menneskelege skjold. Heldigvis hadde dei allierte fått vite at lærarane var om bord, og skipet vart difor ikkje eit mål for angrep.

«Pappenheim»

Etter to veker var dei framme i Kirkenes. Der var det stadige flyalarmar og luftangrep, over 1000 alarmar og over 300 luftangrep i løpet av okkupasjonstida. Etter nokre veker bygde dei fangeleiren «Pappenheim». Den fekk namnet på grunn av dei tynne veggane. Der var det både mørkt, kaldt og møkkete. Lite mat, slavearbeid, kald haust og vinter prega fangeopphaldet. Det vart sett opp tre arbeidsskift, slik at arbeidet gjekk føre seg både dag og natt. Fysisk vart fangane utsette for hardt arbeid som lasting og lossing av varer på hamna. Psykisk opplevde dei vedvarande frykt for deportasjon til Tyskland.

Lærarane hadde heilt sidan arrestasjonen vore opptekne av å halde moralen høg. Dei song, dikta, teikna og heldt føredrag for kvarandre. Sivilfolket i Kirkenes prøvde å hjelpe. Det var sjølvsagt ulovleg og slett ikkje utan risiko. Da var det lettare for borna. Dei til dømes fanga sild, salta den og gav den til fangane, og dei gav beskjedar og la att matpakker.

I løpet av hausten fekk dei internerte lærarane sleppe fri puljevis. Dei måtte godta innmelding i Lærarsambandet som styresmaktene no hadde lova skulle vera ein upolitisk organisasjon. Dei skreiv under også ut frå den tanken at ein er ikkje bunden av noko ein har blitt tvungen til å underskrive. «Kirkenes-lærarane» gjorde dette for å koma attende til arbeidet sitt, og for å sleppe unna ein hard vinter med ytterlegare psykiske og fysiske påkjenningar. Mange var sjuke og ville truleg ikkje overleve ein vinter i fangenskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte månader

Den siste puljen slapp fri 20. november. Ivar E. Roe var av dei som i det lengste nekta å skrive under, og difor sat lengst. Da var det gått akkurat åtte månader sidan han vart arrestert. Han var 55 år gammal og ingen ungdom lenger. Folk på Gran hugsa at han såg ut som ein utmagra «Bergen-Belsen-fange» da han kom att.

På sine eldre dagar kom han attende til Gol og budde på heimegarden. Eg trefte han nokre gonger, men det var aldri prat om kva han hadde opplevd under krigen. Heilt tilfeldig kom eg til å «google» han, og der kom han opp under Fanger.no. Der er det også foto av han. Eg hugsar han som ein høgreist, staut mann, stram som ein offiser også i sine eldre år. Han hadde neppe teke skade verken fysisk eller psykisk av fangeopphaldet. Han hadde gjort det som var rett, og han hadde på alle måtar bevart sin moralske integritet.

Nazifiseringa

Lærarstriden førte ikkje berre til å øydeleggje Quislings plan om å nazifisere undervisinga i skulen, men forpurra også planane om ei nasjonal nyordning gjennom eit «riksting». I 1942 visste alle at å protestere mot okkupasjonsmakta var ein stor personleg risiko, men det stansa ikkje lærarane i kampen for å sikre at framtidige generasjonar vart oppseda til å fungere i samspel med andre menneske i eit samfunn basert på demokratiske prinsipp.

Mest alle historier om motstand mot okkupasjonsmakta under krigen handlar om grupper eller enkeltpersonar som brukte vald. Dei norske lærarane stod opp for det dei trudde på utan å bruke vald. Men vann fram gjorde dei, og ein av dei var Ivar E. Roe. Vi kjenner på stor takksemd for det han og dei hine gjorde.

Kjelder: Fanger.no, SNL, Utdanningsnytt, Norgeshistorie.no.