Ei verdig løysing
Kyrkjeverje Martha Kristin Gaptjern sa det fint og greitt, då ho opna den namna minnelunden, som no er sett opp utanfor Flå kyrkje: Me har alle ulike ønsker for våre liv, og det er behov for ulike alternativ også når det kjem til livets slutt.
Tankane om ein namna minnelund i Flå kom i 2017. Året før den fyrste namna minnelunden vart opna i Hallingdal. Det skjedde på Geilo, og var naturleg nok knytt til ny kyrkje i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fem år har det teke å få på plass slike minnelundar i Hallingdal og Nore og Uvdal. Eigentleg er dette kort tid for ei så stor endring.
Gravferd og gravplass er både tradisjon og pietet. Plassering og utforming av dei nye minnelundane skal gjerast ordentleg.
I tillegg har innføringa av ny tradisjon ei menneskeleg side. Dei som lever vidare skal kjenne på at minnet etter avdøde, er teke hand om på skikkeleg vis.
Respekt er nøkkelordet. Slik me ser det har prosessane med å få på plass namna minnelundar omkring i bygdene vore prega av omtanke og respekt, både for den døde, for tradisjonane i samfunnet, og for menneska ved grava.
I Flå kom arbeidet i gang då kyrkjepallen skulle utvidast. Då kom også planane om å lage eit muslimsk gravfelt. Det siste er også ei naturleg utvikling i eit fleirkulturelt samfunn.
Tilbodet om minnelund er også naturleg, i eit samfunn med stor mobilitet. Mange lever heile sitt vaksne liv langt vekk frå der dei har røtene. Ofte er det lite realistisk at slektningar, i ein annan landsdel, eller i eit anna land, ser til grava.
Ynsket til avdøde betyr mest. Mange ynskjer eit mindre avtrykk etter seg på kyrkjegarden, enn det tradisjonelle.
Minnelunden i Flå er verdig utforma. Vakker stein er aldri feil i gravsamanheng. Det borgar for at om avtrykket etter den enkelte ikkje ruvar på kyrkjegarden, så står minnet likevel trygt og fast.
Artikkelen held fram under annonsen.