Det kom klare føringar frå FN-toppmøte om biologisk mangfald. Korleis vil det påverke hyttebygginga, som her i Hemsedal.

Ei julegåve til hyttekommunane?

«Dette er ei julegåve til barna på kloden». Klima- og miljøvernminister Espen Barth Eide brukte store ord då verda fekk eit naturvernmål tidlegare i veka. Men var det ei julegåve til landets hyttekommunar?

Uttalen frå statsråden kom etter at det vart semje på den store FN-konferansen i Montreal om ei internasjonale avtale om å bevare naturen. Ei avtale som har som intensjon å løyse naturkrisa, og gi oss meir natur i staden for mindre, ifølgje Barth Eide. Avtala er kalla ein global naturvernlov. Ei livreddande avtale, blir det sagt. Reint konkret inneheld den eit mål om at minst 30 prosent av land og hav på jorda skal bevarast innan 2030, og at all natur skal forvaltast berekraftig. Det er også eit mål at 30 prosent av naturen som i dag er øydelagt skal restaurerast innan 2030.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Hyttebygging og veg er verstingane», sa Barth Eide etter konferansen til E24.

Det var reine ord for pengane. Uttalen til statsråden og avtala som det vart semje om på konferansen kan vere nok til å sende eit skremmeskot inn i Hallingdal med i underkant av 20.000 hytter og Nore og Uvdal med 4000. Mange ubygde område ventar også på å bli bygd ut i distriktet. Berre i Nore og Uvdal aleine er det ein tomtereserve på over 2000.

Regjeringa skal no vurdere korleis naturavtala skal følgjast opp i Norge. Korleis vern og bevaring kan styrkast. Som grunnlag for dette er det varsla at regjeringa vil utvikle ein naturrekneskap, og ein er også i gang med å definere lov og regelendringar som vil styrke naturomsynet.

Me trur ikkje denne avtala betyr full stopp i hyttebygginga. Til det er dei økonomiske interessene for store og hyttedraumen for stor. Legg staten opp til ein politikk som struper hyttebygginga, vil det vere nok av ordførarar som vil vite å seie ifrå.

Men me trur kommunane må førebu seg på at det blir vanskelegare å opne nye hytteområde. Kommunane må heller ikkje bli overraska om det blir lagt nasjonale føringar for å hindre eit aukande press på naturen som følgje av hyttebygging og det som høyrer med, som vegbygging og utbygging av vatn og avløp.

I kommunane må ein no vere vakne, og dei får no ei moglegheit til å tenke kvalitet meir enn kvantitet. For det er ingen tvil om at avtala i Montreal varslar nye tider. Det vil ikkje vere fritt fram for alle grunneigarane som vil bruke utmarka si til hyttebygging. Kommunane bør derfor bruke tida framover til å trekke klare grenser for kva dei vil med utmarka og kva dei vil ta vare på. Trekke nokon blå strekar. Det er ikkje sikkert det er populært blant grunneigarar og utbyggingsinteressene, men politikarane i kommunane våre har faktisk ikkje noko val. For viss ikkje kommunane set desse strekane, kan staten kome til å gjere det. Derfor gjeld det å vere tidleg ute.