Ei framtid innom flaumvollen
NVE er klinkande klare: Berre ein flaumvoll er godt nok for å sikre Nesflata mot flaum. Det finst ingen andre måtar å gjere det på.
Det er altså fagrådet. Ingenting å lure på. No er det opp til kommunen kva vegval dei tek. De blir ikkje lett. Dette handlar trass alt ikkje berre om å trygge sentrum. Vollen blir også ein del av det nye landskapet folk skal leva med. Det blir heller ikkje enkelt å sjå for seg korleis ein slik voll vil ta seg ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kanskje me skal spandere nokre minutt på å sjå bort frå alle utfordringar og negative konsekvensar? Ligg det ikkje også moglegheiter her, og plass for friske idear? NVE har alt engasjert landskapsarkitektar for å sjå på korleis vollen kan skli inn som ein nyttig og grei del av sentrum.
Det er heilt avgjerande at kommunen let alle få eit ord med i laget. Her bør folk få kome med innspel, saman med næringsliv og politikarar.
Kor den endelege traseen vil gå, er ikkje klart. Grunnforholda på Nesflata krev grundige undersøkingar, og dei pågåande testane er avgjerande for korleis ein skal gå fram. Det som er sikkert er at valet av trase vil ha direkte innverknad på både kostnadene, og på effekten av vollen. Det er tydeleg at NVE har ein vanskeleg balansegang mellom å finne den teknisk beste løysinga, og å gjere dette til ein akseptabel kostnad for kommunen.
Det er heller ikkje til å kome unna at dette prosjektet vil sette press på kommuneøkonomien. Sjølv om NVE dekker 90 prosent av kostnadane, må Nesbyen kommune skaffe store summar for å dekke sin del av totalen. På tur inn svingdøra til Robek kjem det til å bli mange tøffe avgjerder å ta, også knytt til flaumvollen. Me ventar i spenning på dei første avklaringane.