Arkivbilete frå smia ved Hallingdal Museum i Nesbyen

Ei faren tid

Ved nonsleite ein sundag sist i september vart eg sitjande ei stund på ein stein attmed tufta etter den gamle smia. Ho som i svunne tider stod her i sørhellinga mellom bjørketre og stein. Ei haustbleik eftasol skein på ei blodraud osp som har slege rot framved slagghaugen utanfor der den gamle smia stod.

Himmelkvelven hadde klårna så vakkert opp etter regnvêret natta føreåt. Det vart triveleg å bli verande attmed den gamle tufta eit lite bel. Det var ikkje stort å sjå att av det som var her ein gong. Men i denne eftastunda ein godversdag kom minna fram om ei faren tid og av det som gjekk føre seg her.

Eg drog meg til minnes ei strofe frå diktet Emne av Olav Aukrust: Ambod var det så som så med, tidt på verktøy var det skort, ringt var ofte det dei stod med, lell vart fullgodt arbeid gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aukrust-sitatet høver godt på han Smed-Anders. Han som stod her ved smiesteet, i pluggasko, busserull og ei vadmålsbrok som smågneistar hadde brent mangt eit hol i. Han som let smihammaren syngje utover grenda i kalde, stille vinterdagar, når gloheitt jern vart forma slik han hadde tenkt seg det. Han som stelte med smieavlen som eg mang ein morgon såg ljosken av i grålysninga når eg kom framom fjøsnova heime på veg åt skulen.

Høgtid

For ein gutunge var det reine høgtidsstunda når ein fekk sjå inn smiedøra, såpass unna at ein ikkje trong passe seg for gneistane, og lengte etter den dagen ein vart godteken til å dra stonga åt den digre smiebelgen eller fekk vera med og bruke slegga når store emne skulle formast.

Dette var i ei tid da me enno ikkje hadde fått klosett og dusj og dundyner, lenestolar og salongbord, fjernsyn og stereoanlegg og vaskemaskin, smarttelefon og datamaskin og skåp stappfulle av klede.

Men smed og smie hadde me i grenda, og alle som kom der vart hjelpne, anten det galdt ting som skulle vølast eller stellast på, eller det var noko nytt som stundom trongst. Frå her fanst det att ting over heile grenda. I fjøs og stugu, på låve og i løe, på dør og kjellarlem, på skåp og kister, sledar og kjelkar var det spor etter han som dreiv her den gongen.

Omtrent som han skulle vore sjølvvaksen attåt smiestabben hugsar eg han Anders, der han stod med stø hand og stor hand-tame og svinga smihamaren og forma glovarmt jern om til hengsler og hasper, sigd og skjero, lauvjern og knivblad, hemper og krokar, hestesko og hæljern, naglar og stiftar, hestehelder og dørklinker og ljåblad. I sommarsol som i vintermørke måtte han skjøne av fargen på det gloande stålet kva tid han skulle stikke det ned i vatnet i herdsle-bytta for å gje det rette herdinga. Hadde Anders smidd og herda knivbladet, visste ein at det var fullgodt.

Blanksliten

Grautgryta heime som var blanksliten av sleiv og visp, turu og skavgras-tugu, var her ein gong og fekk ei jerngjord rundt seg da ho heldt på å sprekke, og det heldt sidan.

Her vart sledemeiar, styttingar, vass-selar og skogskjelkar smidde på. Bjøller og klavar, syljer og spenne, omnskrokar og potetgrev kom frå her. Slitte minebor fekk ny egg og skjemde hakker ny spiss.

Alt dette kom frå denne vesle smia, der vêrveggen var ein stor stein, bakveggen ein gråsteinsmur mot jordbakken og framsida ein bordvegg med dør og eit lite glas. Og når sola kom fram att i Blåhøskaret sist i februar etter tolv vekers kald og sollaus vinter, skein ho rett innpå smiesteet åt han som stod der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den same sola som denne haustdagen kasta eit bleikt ljos på ei haustraud osp som syg ut næring ved slagghaugen som ligg att som eit synleg minne om ei tid som kvarv bort.

Det kjennest både rart og godt å sleppe fram minne om ei faren tid der ein sit i sjølvdæle på ein stein attmed ei haustkledd osp. Ospa står her og blir ståande her og syne seg fram i all si prakt. Men smia er borte og kjem aldri meir att. Ho er og blir aldri anna enn eit minne som etter kvart bleiknar bort og blir berre eit minne om eit minne.

Kanskje me som lever i dag skulle sytt for å festa røtene våre betre og fått litt meir nerk og næring frå det som vart så fort borte frå oss, og teke det med oss inn i romfart- og dataalderen.

Men alt er så reint annleis vorte. Verda er mest ikkje attkjennande.

(Inspirert av ei dialektprøve etter Guttorm Horten)