Illustrasjonsbilete.

Det må vere lov å si nei

Grunneigarar i Nesfjellet har sagt nei til skiløyper på deira eigedom. I eit brev har Nes Sørmark gitt beskjed om at avtala med løypelaget ikkje blir vidareført. Dette påverkar ein stor del av løypenettet i området.

«Kraftig kost», seier utbyggar Jørgen Haraldseth. Men han forstår grunneigarane, som har utmark som grensar opp til det store utbyggingsområdet. Det gjer me også. Grunneigarane er, om dei vil eller ikkje, dømt til å halde friareal for hyttefolk og turistar. Utan å få noko att for det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haraldseth seier at om grunneigarane regulerer sine område, som er egna for utbygging, kan dei dra sterk nytte av løypenettet som blir køyrt opp i fjellet. Det er sikkert rett, det. Men det som ofte blir gløymt i debattar om utbygging og nedbygging av fjellet, er at det ikkje er alle grunneigarar som ønsker å bygge ut. Som grunneigar må det vere din fordømte rett å halde eigedomen din urørt, om det er det du vil.

Mange grunneigarar som set bremsen på for utbygging får dessverre eit urettferdig stempel. Dei blir kalla misunnelege, og skulda for å ikkje unne andre å tene pengar. Dette blir voldsomt svart-kvitt. Det er ikkje slik at alle med eigarinteresser i fjellet automatisk føler dei sit med svarteper om naboeigedomane blir bygd ut. Nokon ønsker faktisk å bevare natur, beiteområde, viltets interesser - og i dette tilfellet: Villreinen. Dei bør sleppe å bli skula på av den grunn.

Nes Sørmark har tidlegare hatt merknader til reguleringsplanar under utbygginga i Nesfjellet. Dei har ikkje nådd fram. Men dei må stadig ta stilling til ny utvikling: Nyleg bad altså løypelaget kommunen om å ekspropriere rett til å preparere skiløyper i området. Heldigvis vart dette kontant avvist av kommunen. Me er samde med grunneigarane, som meiner forslaget vitnar om ei haldning der tilrettelegging i fjellområda er blitt ei sjølvfølgje.

For eit par år sidan spådde Hallingdølen på leiarplass at den formidable «ja-bølga» til godkjenning av hytteprosjekt ville føre til gnissingar på sikt. No skjer det. At enkelte grunneigarar endar med å halde utbyggarar med urørt sikt og ubetalt turterreng er ein del av dette.

Hytteutbygginga må gå sin gang. Den har skapt liv i bygdesentera, skapt arbeidsplassar og kasta mykje positivt av seg i fleire tiår. Men behovet for politisk styring har blitt enormt sterkt. Areala til vilt, vidareføring av hyttebygging og friluftsliv er ikkje utan grenser. Og hugs: Naturen treng også sine advokatar. Me skal ikkje halshogge dei som prøver.