Det må vera breidde i skuletilbodet

Tilbodet ved dei vidaregåande skulane i Hallingdal må vere så breitt at det er attraktivt for alle å søke seg dit. Minsteberekning av tilbodet, slavisk knytt til størrelsen på ungdomskulla, vil gå ut over elevane, og fyrst og fremst koma dei større skulane i nedre Buskerud til gode.

Gol vidaregåande skule har fått 128 færre plassar dei siste åra. Dette er ein nedgang på 28 prosent. I same periode har aldersgruppa som soknar til vidaregåande skule i Hallingdal auka med 3,6 prosent. Tala for skulen i Ål syner berre mindre endringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framlegget frå administrasjonen i Buskerud fylke er å avvikle tilbodet om idrettsfag ved Gol vidaregåande. Elevane skal då losast over til studiespesialiserande program, noko som kostar mindre. Ved skulen i Ål handlar det om å legge ned ein halv klasse av teknologi- og industrifag, og heller auke til full klasse for køyretøy.

Vidare er det tenkt administrativ samanslåing av dei to skulane i Hallingdal, og nedlegging i Numedal.

Les også
Denne skulen har 28 prosent færre plassar enn for ti år sidan - sjå statistikken her

Hallingdølen er samd når rektor ved skulen på Gol, Anita Ulsaker, seier at det bør vere rom for breidde i tilbodet også i Hallingdal. Sjølv om tilfanget av elevar kan variere, så meiner me at det ikkje må vere krav om at alle plassar blir fylt opp kvart einaste år.

Eit krav om full oppfylling vil truleg berre kunne fungere ved dei nemnde store skulane i nedre del av fylket. I Hallingdal vil det gje eit magrare valtilbod, noko som vil føre til at fleire elevar søker seg vekk. Det blir rett og slett færre i aldersgruppa 16-19 år i dalen.

Dei unge i Hallingdal er ein viktig ressurs innan fleire felt. Det lokale næringslivet er prega av ei stor servicenæring innan turisme og handel. Her er elevar i vidaregåande skule viktig arbeidskraft gjennom kvelds- og helgejobbar. At desse får med seg verdifull erfaring frå arbeidslivet er eit plusspoeng.

Les også
Ramsa opp konsekvensane dersom idrettslina blir lagt ned: – Det me tok for gitt, er i ferd med å forsvinne

Idrettslina ved Gol vidaregåande står også i ei særstilling. Store deler av idrettstilbodet, er bygd opp rundt trenarar og resurspersonar frå denne lina.

Framlegget knytt til reduksjon av teknologi- og industrifag har også ført til store protestar frå det lokale næringslivet. Det er ikkje rart. Tilbodet er oppretta, mellom anna, etter ynskje frå industrien i dalen. Det fungerer også som eit godt rekrutteringstiltak.

Konklusjonen i denne saka blir mantraet til tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland: «Alt heng saman med alt». Tilbodet innan vidaregåande skule må, som alt anna av offentlege tilbod, sjåast i samanheng med heile lokalsamfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.