Elg i snønedgang.

Den vonde viltdøden

Jernbane og veg krev stadig sine firbeinte offer. Etter jernbanelina vart det køyrt i hel 15 elg i Hallingdal på berre ei veke. I Ål kan fallviltgruppa fortelje at det har gått med heile 13 dyr den siste månaden. 10 av desse har blitt tatt av toget.

Det er ekstreme forhold for viltet. Snømengda gjer det nærmast umogleg for dei å ta seg fram. For å finne mat og vatn trekker dei ned i dalbotnen. Der finn dei elva og jorder - men dei finn også riksveg og jernbanespor. For å nå tak i næring må dei som regel krysse noko som er trafikkert. I tillegg er det enklast for viltet å flykte langs vegen eller jernbanelina, i staden for å kaste seg over den høge og lause snøplogkanten. Slik går det liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mange firbeinte som møter ein hard skjebne i desse dagar. Det er vondt å sjå, og det er stor grunn til uro for korleis denne vinteren vil slå ut for hjorteviltbestanden i Hallingdal. Det er enno lenge til våren, og mange strevsame månader att for viltet. Aller verst er det for dei minste, kalvane og killingane. Truleg vil ein svært stor del av fjorårets avkom gå tapt denne vinteren.

Kan me gjere noko for å hjelpe? Svaret er ja. Kommunane kan gjere noko, Statens vegvesen kan gjere noko, Bane NOR kan gjere noko - og du kan gjere noko.

Som me skreiv i leiaren i Hallingdølen torsdag: Det hadde vore til stor hjelp å kunne fôre dyra. Slik kunne me hjelpt dei å finne næring på ein enkel måte, og me kunne fått dei vekk frå veg og bane. Dessverre gjer restriksjonane knytt til CWD det vanskeleg. I 2016 vart det innført forbod mot foring, for å unngå smitte. Etter vår meining er det heilt utruleg at omsynet til ein sjukdom det ikkje finst indikasjonar på kan smitte mellom elg og hjort, skal vege tyngre enn omsynet til at hundretals dyr må bøte med livet gjennom ein hard vinter.

Kommunane har høve til å søke om dispensasjon til å likevel få fôre viltet. Det er Mattilsynet som sit med makta og som kan gi grønt lys. Truleg vil det sitje langt inne å få løyve til dette i kommunar som ligg innanfor Hardangervidda- og Nordfjellaregionen. Me meiner likevel at kommunane må prøve - og at dei bør gjere det i fellesskap. Viltet i heile Hallingdal blir råka hardt no, og me håpar dalen går saman om ein felles søknad om å få starte foring. Statens vegvesen og Bane NOR bør også har interesse av å støtte alle tiltak som kan føre til færre påkøyrsler, uhell, skader og forseinkingar.

Finst det noko du kan gjera for å hjelpe viltet? Definitivt. Først og fremst må alle hundeeigarar respektere reglane som gjeld for bandtvang. Det finst inga unnskyldning for å ikkje halde desse no. I tillegg er det brøyta opp vegar her og der for å hjelpe viltet med å ferdast. Desse kan ikkje brukast av folk eller lause hundar. Til slutt: Møter du på vilt i skogen - gå unna. Å stresse dyra kan gjere vondt til frykteleg verre.