Dei som sel narkotika må ikkje få arbeidsro

Det er narkotika i omløp i ungdomsmiljøet i Hallingdal, og det kan verke som det er vorte meir vanleg. Dette sa regionlensmann Brit Fyksen i Hallingdølen ved årsskiftet.

Samtidig syner protokollane i Buskerud tingrett i Nesbyen at berre ei narkotikarelatert straffesak i Hallingdal var til handsaming i retten i 2022. Ein mann vart dømt til åtte månaders fengselsstraff for å ha dyrka fram cannabis heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka er alvorleg nok, men me snakkar samtidig om to forskjellige ting. Produksjon og sal handlar i hovudsak om den typen narkotikasaker som politiet jobbar fram sjølv. Talet på slike saker har gått kraftig ned.

Dette gjeld openbert også saker om bruk. Riksadvokaten har også lagt strengare føringar på politiets arbeid mot brukarane. Det er ikkje høve til å ransake utan konkret mistanke, og rusavhengige med brukardosar, blir ikkje straffa.

Nyorienteringa er omdiskutert. Me skal la det ligge. I staden vil me peike på at den ikkje på noko vis hindrar samfunnet i å setje narkotika på dagsorden. Endringane er heller ikkje til hinder for ein fornuftig dialog med dei unge om narkotika.

Ei av årsakene til at bruken av narkotika får breie seg i ungdomsmiljøa, er mangel på openheit. At seljarar og brukarar held på i det skjulte, er lett å forstå. Det me har vondt for å skjøne er hemmeleghaldet me ser både frå politiets side, og ifrå skulane si side.

Hallingdølen har arbeidd med lokale narkotikasaker like lenge som alle andre her i dalen. Me får jamleg tips om dette. Det me ser, er at når ei narkosak dukkar opp, så er det reine spionsaka. Det skal helst dyssast ned.

Me trur ikkje hemmeleghald er vegen å gå. I staden bør narkotika bli eit tema, som det blir prata opent om. Frå heime ved kjøkenbordet til ute i skuleklassane. Det er ingen grunn til at vaksensamfunnet ikkje skal gje klare signal om kva det meiner om ulike bruk av rusmiddel. Heller ikkje om narkotika.

Vidare er det ingen grunn til at politiet skal slite i motbakke. Det førebyggande arbeidet etaten gjer er viktig nok. Men det er ikkje tilstrekkeleg til at narkotikaen forsvinn. Då må også dei som veit det som politiet bør vite, informere om dette.

Me vil også peike på at openheit om kva som går føre seg, har ein preventiv effekt. Det er rett og slett eit signal til brukarar og seljarar om at samfunnet ser deg.

Artikkelen held fram under annonsen.