«Utvandrere» av Gustav Wenzel (1902)

Då amerikafeberen herja

Etter dårlege avlingar i 1860, og med både flaum og seinare turke, reiste heile 650 hallingar til Amerika i 1861.

Av desse var om lag 100 heimehøyrande i Ål og Torpo. I tidsbolken 1845-1930 vaks folketalet her i landet med over 70 prosent, medan bygdene i øvre Hallingdal hadde ein nedgang i folketalet på 10 prosent. Gardane vart selde so sant råd var, men mange måtte reise frå gardane sine som dei gjekk og sto. Hadde dei til billetten over havet, fekk dei vera glad te, mange.

Blant dei om lag 800.000 som utvandra frå Norge til Amerika i perioden 1825-1920, var utsikta til eit betre liv for seg og etterkomarane i Amerika drivkrafta. Men ikkje alle som reiste var plassfolk. Hermo Tufte frå Hol sat trygt på slektsgarden sin, men skreiv ein gong: «Eg ha’ nøkk kan hende kunne’ slite me igjøno her me, men e ha no meint, dæ vore godt fø onga å koma te Amerika».

Artikkelen held fram under annonsen.

I Gudmundsrud, som på denne tida var sett på som ein «storlaten» gard, budde Sigrid og Nils Knudsen. Nils var ein akta og æra mann i Ål, lærar og stiftar av bygdebanken. Han hadde også fått oppretta den fyrste handel og postkontor på Sundre. Nils var svært belesen, og det hadde han til felles med dottera Gro.

Stein nok

På Skrattegard hadde folk slite i generasjonar, og her var det stein nok til å gjera folk jordhungrig. Amerika-feberen fekk godt fotfeste på slike plassar. For i Amerika kunne sjølv husmenn få jord på størrelse med all dyrka marka i grenda si - til odel og eige - gratis. Draumen om å seta plogen i eigen jord «over there» var nesten uverkeleg. Dei hadde difor bestemt seg for at heile familien skulle reise våren 1862. Sonen Ole var då kjærast med Gro Nilsdatter Gudmunsrud, og begge var 20 år. Det store livsvalet for Gro vart då: Skulle ho reise frå familien sin, og alder sjå dei att - eller skulle ho bli heime og sjå kjærasten sin reise? Etter store brytninga var avgjera teken, og dei gifta seg. Saman drog dei so til det forjetta landet på den andre sida av «Blåmyra». Til foreldra bad ho i sine brev - resten av livet - om tilgjeving for smertene ho hadde påført dei, ved at ho reiste.

Til fots Ål-Svelvik - 4 dagar

Gros far Nils, hadde hyra hestekar med kjerre for turen til Drammen. Skysskaren hadde fått klar beskjed om ikkje å dra på heimveg, før han hadde sett Gro og familien vel om bord i båten. Barn, gravide og pargas fekk plass i kjerra, dei vaksne måtte gå. Det var vanleg at slekt og venner var med eit lite stykke nedover dalen. Dette året var det sein vår, og Drammensfjorden var islagt heilt ut til Svelvik. Der låg skonnerten ASKUR på 396 bruttotonn ved iskanten, klar til å ta om bord 122 utvandrarar. Gros bror Store-Ole var komandersjersant på Akershus då. Han gjekk dei 4 mila til Drammen for å ta farvel med syster si.

Drammen-Montreal - 68 dagar

17. april 1862 segla dei ut frå Svelvik. Det vart eit dødsfall om bord, så båten var innom Åsgårdstrand, for å få den døde i kristna jord. Når Norge berre vart eit mørkt felt i synsranda i nord, var dei fleste på dekk for å få eit siste glimt av fedrelandet sitt. Gro fekk god kontakt med kapteinen og mannskapet om bord. Ho fortalde dei at ho ville sjå horisonten frå den andre sida. Når det var grov sjø, måtte lukene skalkast - og det vart nesten heilt mørkt under dekk. Sjøsjuke herja blant hallingane - sjøvante var dei ikkje - og det var ganske utriveleg der nede. Båten Askur var etter tida moderne, då det var 3 komfyrar på deling for dei reisande si matlaging.

Var det noko å sjå, fekk kapteinen dei opp på dekk, for å bryte den daglege einsformigheita. Dei såg Skotland i sør, og ein dag såg dei store kvalar. Andre båtar, og då spesielt utvandrarbåtar på retur for å hente fleire, var inspirerande. På gode dagar kunne toradaren låte på dekk, og det vart ein svingom for nokon. Det var eit nytt dødsfall om bord, og no måtte kista senkast i sjøen. Då skreiv Gro i dagboka si, at ho følte det meir humant å la havet omslynge den døde, enn å grava kista ned i jorda.

Torskefiske

På New Foundlandsbankane fiska mannskapet torsk, ein god avveksling for maten dei hadde med seg frå Hallingdal. Ein kveld, etter vel 50 dagar på sjøen, såg dei ei låg «stjerne» i horisonten i vest. Det var fyret St. Paul ved innseglinga til St. Lawrence River. Når dei nærma seg land, kom både los og immigrasjonslege om bord. Helsetilstanden til alle emigrantane vart sjekka og godkjent. Dei fekk so segle vidare inn i St. Lawrencebukta og til Quebec.

Frå dekk kunne no emigrantane sjå farmar, jorde, kyr og sauer i eit frodig landskap med mange kyrkjer. Det som gjorde sterkast inntrykk på Gro av alt dette nye, var synet av ei bru «så lang som frå Vangen til Gudmundsrud». Motstraums frå Quebec og opp til Montreal vart båten slepa av ein dampbåt.

Referanse: Oddmund Ljone «Mine tårer flaut rikeleg».

Artikkelen held fram under annonsen.