Alle har gjort ein innsats for å få til Campus Hallingdal. Frå venstre: Ola Terje Oleivsgard, Sp, Herbrand Jegleim, Sp, Pål Rørby Sp, Signe Bjortveit (politisk rådgivar), Mons Ivar Mjelde, fylkesordførarkandidat Ap, forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch, Sp, ordførar i Gol Heidi Granli, Ap, Magnus Weggersrud, Sp, Kari Anita Brenna, Sp og spesialrådgjevar Kristin Barstad (Universitetet i Sør-Norge).

Campus er historisk

Oppstart av Campus Hallingdal blir det største som har skjedd på utdanningsfronten her i dalen sidan 1965. Då opna Hallingdal Gymnas, noverande Gol vidaregåande skule, dørene. Sett i samanheng med andre store etableringar, som har forma Hallingdal til det me ser i dag i dag, kan me også ta med Bergensbanen og kraftutbygginga.

Etableringane me nemner, har til felles at dei har sett preg på dalen gjennom fleire tiår. Kraft og bane har gjeve grunnlag for solid økonomi. Utdanning lokalt har gjeve grunnlag for brei kvalifisering av unge, som skal leve og arbeide i dalen gjennom fleire tiår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal campus blir nummer ni i den spreidde strukturen som Universitetet i Søraust — Norge har utvikla. Dei andre studiestadene er Hønefoss, Drammen, Tønsberg, Skien, Notodden, Kongsberg, Rauland og Bø.

Sett i den samanhengen er satsinga, som statsråd for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch (Sp) kunngjorde på Gol denne veka, ledd av noko stort. Høgare utdanning skal gjerast meir tilgjengeleg. I det ligg ei erkjenning av at kunnskap er framtida, og at denne framtida også ligg i distrikta.

Me meiner etableringa vil få svært stor betydning for generasjonar i tida framover. Høgare utdanningsnivå, og rekruttering til stillingar som krev dette, er det fyrste me tenker på. Arbeidsplassar etableringa løyser ut er ei annan side. Og ikkje minst; som bu- og blilyst-tiltak overgår etableringa av campus det meste.

Nokon vil kanskje pukke på at kunngjeringa var ein velplassert lekkasje før valet. Det blir for puslut. Slikt me ser frå alle regjeringar i framkant av val. Å snakke om valflesk blir også å legge skugge over dei som har arbeidd hardt med å få denne saka dit ho står i dag.

Ikkje minst gjeld dette Gol-ordførar Heidi Granli. Ho har gjort ein kjempejobb, sjølv om arbeidet ho gjorde i kulissane med å få i gang prosessen, ikkje berre vart godt motteke.

Uansett namn, blir den neste oppgåva for Gol-ordføraren å skaffe egna lokale. Kanskje må det til ei midlertidig løysing. Men ser me til Campus i Rauland og Bø, skjønar me at kule lokale, som fristar studentane, er ein naturleg del av tilbodet.