Buskerud = Drammen – nei det er ikkje slik

Buskerud fylke skal gjenoppstå frå årsskiftet. Staten tek heile rekninga for oppløysinga av Viken. Den nedre delen av fylket, ser truleg for seg ei solid samling attraktive arbeidsplassar i Drammen. Slik det «alltid var».

No ynskjer nesningane å bryte denne tradisjonen. Dei folkevalde i Nesbyen går samrøystes inn for at kommunen skal sikre seg viktige arbeidsplassar, i form av eit fylkeskommunalt senter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ideen vart paradoksalt nok lansert av Ål-ordførar Solveig Vestenfor på seinvinteren. Ho minna om at Vestfold og Telemark fylke har lagt administrative arbeidsplassar til Seljord. Desse arbeider med både transport, plan og sentraladministrasjon, og jobbar tett med fylkesadministrasjonen i Skien.

Sjølvsagt er dette mogleg også i «nye» BUskerud. Det må bli slik, og me meiner også at Nesbyen peikar seg ut som staden for ei slik etablering.

Les også
Kjempar for fylkessenter - men open for andre plasseringar enn i Embetsgarden

Det er ei velkjent sak at dei to nedste kommunane, Nesbyen og Flå, i alle år har kome dårlegast ut når det gjeld regionale og statlege arbeidsplassar. Samanlikna med øvre del av dalen, har dei to kommunane også dårlegare balanse mellom talet på arbeidsplassar, som krev fagutdanning, og dei som krev høgare utdanning.

Likevel er det ingen grunn til å trekke «synd på Nes og Flå-kortet» denne gongen. Buskerud er meir enn Hallingdal og Drammen. Eit fylkeskommunalt senter i Nesbyen, vil vera logisk også med tanke på avstanden til Øvre Numedal og til Sigdal. Nesbyen ligg rett og slett sentralt i øvre Buskerud.

Hallingdølen har ved fleire høve vore skeptisk til endringane på fylkessektoren. Me var i mot samanslåing, men meinte også at når den var gjort, burde den ikkje reverserast. I hvert fall ikkje etter så kort tid, at den knapt rakk å fungere.

Les også
Pungar ut 377 millionar for nytt fylke: – Sjølvsagt pengar me gjerne skulle brukt på andre ting

Når reverseringa no skal gjerast, meiner me det bør koma noko nytt og bra ut av det heile. Fylkeskommunalt senter i Nesbyen, kan vera eit steg i den retninga. For ei omlegging til 377 millionar kroner må jo, for Buskeruds del, bli noko meir enn ein blåkopi av det me hadde i Drammen.

Det er liten tvil om at dette forslaget vil møte motstand i Drammen og omegn. Difor må det til samarbeid for å lukkast. Då er det viktig å ha med seg at det ikkje berre er Hallingdal, som må stå saman denne gongen. Her gjeld det å samle heile øvre Buskerud.