Skisesongen har vore lang denne vinteren. Her eit illustrasjonsbilete frå Nesfjellet.

Bruker du løypene, bør du jammen gjere opp for deg

Det har vore ein aldeles suveren vinter. Snøen kom tidleg og minusgradene har halde seg stabile gjennom vintermånadene. Dette har gitt ein fantastisk skisesong, og me har hatt gnistrande gode skiløyper heilt til no. Faktisk er det framleis løypemaskiner i drift i fjellet.

For dei som køyrer maskiner og skuterar med sporkjelke har det vore ein travel vinter. Så å si kvar einaste helg har dei servert oss nykøyrde trikkeskinner - trass ein krevjande sesong økonomisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I romjula prata Hallingdølen med fleire løypekøyrarar som mangla store summar for å kunne halde spor som før. Mange plassar er dei avhengig av frivillige bidrag frå både fastbuande og hyttefolk for å kunne køyre. Både på Veståsen i Ål og i Nes Nordmark var dei uroleg for korleis botnlinja i rekneskapen ville sjå ut til slutt. Det veit dei ikkje før sesongen er over. Mange skigåarar vil ifølgje løypelaga sjå om dei synest sesongen har «vore verdt det» før dei betaler.

No, ved sesongslutt, har Hallingdølen tatt ein ny sjekk på korleis det har gått. Fekk løypelaga pengane dei håpa på og trengde?

Svaret er dessverre nei. På Veståsen viser resultatet eit underskot. Formann Hallgrim Sataslåtten fortel at løypebidraget i år ligg kring 30 prosent lågare enn før. Betalingsviljen er dermed langt lågare enn utgiftene, og løypelaget har vore nøydd til å ta frå overskotet i fjor for å dekke inn dieselkroner og andre utgifter. Det same måtte dei gjere i Nes Nordmark - ta av eigenkapitalen for å få det til å gå i hop.

At folk ikkje er villig til å betale for å bruke eit glimrande løypenett i fjellet, er faktisk pinleg. Dette gjeld både fastbuande og hyttefolket. Alle som vel å spenne på seg skia og ta seg ein tur innover fjellheimen burde kjenne på ansvaret for å bidra.

Det seier seg sjølv at det ikkje er berekraftig når løypelaga må tappe kontoen for å halde løypenettet opent. Det går ikkje i lengda. Enten må pengane sitje lausare hjå dei som nyttar trikkeskinnene, elles må ambisjonsnivået ned. Me kan ikkje få både i pose og sekk.

No er sesongen over, så dette får bli ei oppmoding til neste haust: Når løypemaskinene og skuterane er ute i fjellet att, betal det frivillige bidraget. Gjer det med glede - og gjer det ved sesongstart, slik at løypelaga veit kva dei har å halde seg til gjennom vinteren. Me får ikkje eit rikt og blomstrande løypenett berre basert på eigenkapital og idealisme.