Bles i Robek
Hornmusikklaget i Nesbyen skal saman med det lokale folkeakademiet ta tak i drifta av Kulturhuset Banken. Eigaren av bygget, Skue Sparebank, bidreg med 1,6 millionar kroner. Pengane sikrar leige av kulturhuset dei neste to åra. I tillegg held den pensjonerte driftsleiaren fram som frivillig.
Spleiselaget, og dugnaden, kjem som konsekvens av at Nesbyen kommune har ein svært pressa økonomi. Plassen på ROBEK, lista over kommunar med svak økonomi, stadfester dette. Eit av tiltaka var å seie opp avtalen om kommunal leige av kulturhuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedtaket om å stenge kulturbygget for å styrke økonomien kjem i tillegg til fleire krevjande politiske saker i Nesbyen den siste tida. Mellom anna har etterarbeidet etter uvêret sist sommar vore belastande.
Det er difor ingen tvil om at både politikarane, administrasjonen og ikkje minst befolkninga treng pusterommet som denne gladsaka utgjer.
Kulturhuset Banken har sidan opninga på 90-talet vore ein berebjelke i kulturlivet i bygda. Nesbyen er ei korps-bygd, og for hornmusikklaget har Banken vore «heime».
No håpar både korpset, folkeakademiet og andre, at mange gode arrangement skal gje «lys i glasa». Truleg blir det eit filmtilbod også. Utstyret står klart. Ein filmklubb kan bli løysinga,
Neste post blir å skape endå fleire aktivitetar og arrangement. Lag og foreiningar vil måtte tenke på korleis dei kan skape hendingar som kan nytte huset.
Befolkninga i Nesbyen må i sin tur slutte raust opp om tilbodet som kjem. Eit kulturhus er alltid ein svært viktig samlingsstad. Kor bra og viktig det blir avheng av miljøet rundt.