Alltid spenning og endringar i bustadmarknaden

Pressa marknad og mangel på brukte bustader har dei siste åra vore noko av omkvedet om bustadmarknaden i Hallingdal. No har det snudd. Sist veke låg det 154 bustader i dalen for sal på Finn.no. Berre i Hol kommune fann me oppimot eit femtitals objekt.

La oss starte med eit lite atterhald. Det er ein liten marknad me snakkar om, og ikkje minst, den har store variasjonar i pris pr. kvadratmeter frå kommune til kommune. Det fyrste indikerer at tala ikkje utgjer eit solid grunnlag for statistisk vurdering. Det siste syner at me snakkar om svært ulike kundegrupper i dei ulike bygdene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me trur eigedomsmeklar Christian Haatuft på Geilo summerer opp situasjonen rett, når han minner om at bremsen, som skuldast høge renter, ikkje berre har ført til mindre bygging av hytter og hus. Den har også ført med seg at trykket av tilsette i byggenæringa, som kjøpte bustad, og etablerte seg i dalen, under oppgangstida, har vorte borte.

At bustadane ligg lengre ute før dei blir selt, skuldast heller ikkje berre manglande etterspørsel grunna høge renter. Det handlar også om kor mange av desse, som kan få omtalen; kurant vare.

Bransjen nyttar gjerne mantraet plassering, plassering, plassering. Men rett plassering kan vere så mangt. For barnefamiliar tel avstand til skule og aktivitetar, truleg meir enn utsikt til fine fjell.

Det som er rett at det må til ein høveleg miks mellom sentralt og utkant, og mellom oppussingsobjekt og hus med høg standard. Men for dei aller fleste, så er det dei kurante husa som lokkar. Det er også innan denne sektoren ein finn den sikraste verdistigninga.

I denne sjangeren finn me dei fire nye einebustadane, som vart seld i løpet av to dagar i Nesbyen. Utbyggjaren selde til fast avtalt pris - utan bodrunde. Husa er tilpassa ramma Husbanken set.

Mange vil truleg finne denne typen hus små, målt opp mot dagens draumar om bustad. Samtidig har kombinasjonen nybygg til ein pris mange kan klare, alltid vore ei vinnaroppskrift i bustadmarknaden.

Eit anna spennande innslag i marknaden er salet av 11 byggeklare tomter på Geilo. Her har det vore trongt om bustadhusa i fleire tiår. Det er sjølvsagt opp til kjøparen å avgjere, men mange på Geilo håpar nok på at dette blir noko dei har råd til å kjøpe.

Uansett finst det mange alternativ nett no. Det høge talet på bustader til sals, gjer at det i mange tilfelle er kjøpars marknad. Rett nok er renta høg, men sett i eit lengre perspektiv, er det framleis viktigast å koma seg inn på bustadmarknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.