Alle må bidra

Ein altfor stor prosent av elevane ved 10. trinn på Gol skule melder om at dei opplever mobbing. Politikarane ser alvorleg på tala, og la denne veka kommunestyremøtet til aulaen på barne- og ungdomsskulen.

Det altoverskyggande i den årlege tilstandsrapporten frå Gol skule, er at 20 prosent av elevane på 10. trinn oppgir at dei har opplevd mobbing på skulen. Det er over landssnittet, som ligg på 7,4 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er veldig alvorleg, og me forventar tiltak, sa Kristin Bakke Haugen (Sp). Truleg på vegner av heile kommunestyret.

Det er ikkje uventa at det er den kommunale skuleleiinga, med kommunalsjef og rektor, som sit på tiltalebenken her. Dei to bidrog både med bekymring for det som ligg i rapporten, og forståing for reaksjonane frå dei folkevalde. Fagleg var det også naturleg at «skulefolka» nyanserte inntrykka frå rapporten noko.

Likevel er det ingen tvil om at dette er alvor. Mobbing og dårleg oppførsel i ungdomsskulen, er grunnlag for problem seinare i livet. Dette gjeld både for dei som mobbar, og for dei som blir mobba. Begge grupper blir merkte av ukulturen.

I mange tilfelle sit opplevingane frå ungdomstida så sterkt i at, det går ut over livskvaliteten også i vaksen alder. Lista over problem, som ligg bak mobbetala, spenner frå utestenging, plaging og trakassering til rein og skjær mangel på folkeskikk. Me skal ikkje ta hardare i. For det er ingen store bokstavar i kommentarfelta på nettet, eller nevar i bordplatene i heimane, som løyser dette.

Det einaste som fungerer, er langvarig og seigt arbeid, der alle trekker i same lei, og går i seg sjølv. Politikarane må spørje seg sjølv om dei gjer nok for skulen. Tilsette i sektoren må spørje seg om dei gjer nok for elevane. Elevane må stille seg spørsmålet om dei eigentleg er greie nok mot kvarandre.

Ikkje minst må foreldra stille seg spørsmålet om korleis ungen deira spelar på lag med dei andre i skulefellesskapet. Alle er glade i barna sine, men ingen kan heilt utelukke at dei har oppdrege ein mobbar. Ute og heime, er i mange tilfelle to vidt forskjellige arenaer.

I vår tid kan me finne mykje å skulde på. Nettbruk, sosiale media valdeleg underhalding og så bortetter. Det hjelper ikkje. Me må uansett gjere dei unge i stand til å bli gagns menneske i det samfunnet me har, nett no.