Hallingdolen

Bedriftsannonser

Digitale annonsar

Digitale annonsar

I ein kvardag som stadig blir meir digital aukar Hallingdølen sine digitale abonnement og trafikk på digitale flatar. I 2018 hadde vi 7,5 millionar sidevisningar på www.hallingdolen.no. Det betyr i snitt godt over 20 000 visningar pr. døgn. Av desse visningane er om lag halvparten på mobil.

Val av annonseformat, plassering og plattform må sjåast i samanheng med målgruppa for kampanjen. Store format er svært godt eigna til salsutløysande kampanjar over ein kortare tidsperiode. Du oppnår høg merksemd, moglegheit for meir innhald og større kreativ fridom i utforming av annonsa. Dei mindre formata eignar seg godt til langsiktig profilering, og som trafikkgenerator til di nettside over tid.

Mobilannonsering er ein attraktiv kanal for marknadsføring¸ det er den mest personlege kanalen, er alltid på, alltid med og alltid oppdatert. Du treff lesaren nær ein kjøpssituasjon og med store annonseformatar er det færre bodskap å kjempe mot og lite støy.

Kombinerer du nettannonse/mobilannonse med andre annonsekanalar i Hallingdølen, når du fleire, samt aukar effekten og merksemda på annonseringa di.

Annonseprisar og storleikar:

Mobilboard:

kr. 200,-/1000 visninger, 320 x 250 pixler, høgst 50kb

Mobilboard XL:

kr. 300,-/1000 visninger, 320 x 500 pixler, høgst 50kb

Toppbanner:

kr. 300,-/1000 visninger, 980 x 150/980 x 300 pixler, høgst 100kb

Skyskraper:

kr. 200,-/1000 visninger, 180 x 500, høgst 100kb

Netboard 980px:

kr. 200,-/1000 visninger, 980 x 150/980 x 300 pixler, høgst 100kb

Netboard 580px:

kr. 200,-/1000 visninger, 580 x 400 pixler, høgst 100kb

Wallpaper:

kr. 600,-/1000 visninger, 1 x toppbanner + 2 x Skyskraper, høgst 300kb

Filformat: JPG, GIF eller skript (HTML5)

Produksjon:

Hallingdølen hjelper deg gjerne med utforming av annonse og landingsside. Har di bedrift ikkje ei eigen nettside eller har behov for ei oppgradering, så kan vi hjelpe deg. Ta kontakt for eit tilbod.

Materiellfrist

Nettannonsar Hallingdølen skal lage, har materialfrist 3 dagar før innrykk.

Spesialkonsept (expanding banners, lokal tilpassing, feed av film etc) har 5 virkedagars frist.

Ferdige nettannonsar må me ha mottatt innan kl. 10.00 dagen før innrykk.

Ta kontakt med vår marknadsavdeling for pristilbod og anna informasjon.

Bli synleg i lokalmarknaden - annonser på www.hallingdolen.no