Helge Hafsås vil ha 500 til kvar innbyggar i Hemsedal mellom 6- og 16 år.
Helge Hafsås vil ha 500 til kvar innbyggar i Hemsedal mellom 6- og 16 år.

Vil gi ungane 500 kronar kvar

Når valet er over vil Helge Hafsås og KrF be Hemsedal kommune om å legge 200.000 kroner på bordet til aktivitetskort.

– Eit slikt aktivitetskort er meint å skulle hjelpe barnefamiliar. Det kan bety forskjellen på om barn og unge får vera med på aktivitetar eller ikkje, seier Hafsås.

Tjuvstart

Eit aktivitetskort betyr ein sum som kvar unge mellom seks- og 16 år skal få. Tanken frå regjeringa er at alle norske barn skal få dekt kontingenten til ein fritidsaktivitet. Hafsås vil at alle mellom 6- og 16 i Hemsedal skal få 500 kroner, som kan dekke til dømes medlemskontingent i eit idrettslag, deltaking i kulturskulen eller andre aktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre kommunar er i gang med eit prøveprosjekt no. Men me i Hemsedal ønsker å tjuvstarte litt, og teste dette ut. Derfor vil me få det inn i kommunebudsjettet, seier Hafsås.

Han meiner det bur omtrent 400 ungar i den aktuelle alderen i Hemsedal. Det vil i så fall bety ein kostnad på 200.000 for kommunen.

– I ei tid der fokuset på sparing er stort, trur det er mogleg å få til?

– Dei fleste partia har sagt dei vil vere med og støtte opp om frivillig arbeid, om lag og organisasjonar. Dette vil vere med på å støtte opp om ulike tiltak, og mellom anna styrke kulturskulen, meiner han.

Mindre skjerm

Hafsås meiner eit aktivitetskort vil virke førebyggande når det gjeld psykisk helse, om det gjer at barn og unge kjem seg meir ut på aktivitetar der foreldra kanskje ikkje har råd til å betale for det.

– Me veit også at barn sit mykje inne, framfor ein skjerm. Me vil ha dei ut av data-sona og inn i eit sosialt liv, seier han.