annonse

Vann «Farmen kjendis»

Finale
Finale: Tiril Sjåstad Christiansen vann «Farmen kjendis» på TV2. (Foto: Alex Iversen/TV2)

Tiril Sjåstad Christiansen vann «Farmen kjendis».

Magnus Lindahl

Dei siste vekene har ho teke seg til finalen i realityprogrammet på garden Tangen i Hedmark.

I finalen som vart sendt på TV2 sundag kveld møtte ho Kathrine Sørland som slo Carina Dahl i semifinalen. Siste del av finalen vart avgjort med kunnskapskonkurranse. Det vart ei jamn affære der Sørland leia 3–2 for dei ti avgjerande oppgåvene. Men Christiansen tok inn att leiinga fram til tiande og aller siste oppgåve. Då leia Christiansen 9–8 og ville med poeng vinne tredje utgåva av «Farmen kjendis». Men då begge svara feil, var duellen avgjort.

– Eg skjøna ikkje at eg vann, sa Christiansen til TV2 like etter finalesigeren sendt på kanalen sundag.

Ho kalla opphaldet på garden i fjor sommar eit «blodslit». Men sigeren var verd slitet. Ho vart også den første kvinnelege vinnaren av realityprogrammet.

– Eg er så sliten, så utmatta, så glad og stolt over meg sjølv. Herregud, eg må slutte å grine, seier ho til TV2.

annonse