annonse

Thomas Mørch i sitt rette element

Entusiast
Entusiast: Thomas Mørch frå Nes er med som kjentmann i serien «Ung i Villmarka», som er spelt inn i Vassfaret. Her lagar an Fønhus-turmat, nærmare bestemt primmølje, som fall i smak hjå deltakarane. (Foto: Kundan Rockstad, Fønhusgruppen)
Kjentmann
Kjentmann: Thomas Mørch frå Nes er med som kjentmann i serien «Ung i Villmarka», som er spelt inn i Vassfaret. Her lagar han Fønhus-turmat, nærmare bestemt primmølje, som fall i smak hjå deltakarane. (Foto: Kundan Rockstad, Fønhusgruppen)
Samling
Samling: Her er alle deltakarane samla. (Foto: Kundan Rockstad, Fønhusgruppen)
Framfor bålet
Framfor bålet: «Ung i Villmarka» er spelt inn i Vassfaret. (Foto: Kundan Rockstad, Fønhusgruppen)

Thomas Mørch skulle eigentleg vera assistent og fotograf for NRK, men vart sjølv sentral i reality-programmet «Ung i Villmarka».

I programmet som har premiere tysdag kveld på NRK1, blir ti ungdommar frå heile landet sendt til Vassfaret. Mobiltelefon og andre tekniske hjelpemiddel må dei klare seg utan. Under innspelinga av programmet i april i fjor budde dei på den gamle husmannsplassen Bjørke som ligg ved Skrukkefylla og Aurdalsfjorden. Dei vart isolert frå omverda, og skulle klare seg åleine i ei veke.

Ein draum

Nesningen Thomas Mørch (26) er ikkje berre ein kjennar av Vassfaret, men også stor Mikkjel Fønhus-entusiast. Så vidt han veit er det ingen andre som har signaturen til forfattaren tatovert på armen. – Eg har lenge drøymt om å vera i Vassfaret over lengre tid, og å bu der minst ei veke utan telefon og bekymringar. Ta livet med ro, verkeleg vera i eitt med naturen. Sjølv om det var litt TV-styr i biletet, var det veldig artig. Det er berre moro å få vist fram Vassfaret til det norske folk, og å fortelje historia om Fønhus. Det er ikkje mange ungdommar som har høyrt om han, seier Mørch.

I bjørnens rike

Det var «Fønhusgruppen», venneforeininga til forfattaren, som lanserte ideen om eit realityprogram om livet til Fønhus. Saman med NRK og Aschehoug Forlag arrangerte Valdres folkehøgskule audition og skrivekurs for 50–60 ungdommar frå folkehøgskulen og Valdres vgs. Ti vart plukka ut til å vera med. På same måte som Fønhus, skulle dei jobbe knallhardt om dagen, vandre i bjørnens rike og skrive om livet i Vassfaret om kvelden.

Kjentmann

Mange av deltakarane vart og Fønhus-frelst i løpet av opphaldet. – Korleis var det å sjå seg sjølv på TV? – Det var litt overraskande, men heilt ålreit. Eg prøvde å halde meg mest mogleg bak kamera, men vart visst med ein del framfor og, fortel nesningen. Eigentleg skulle han vera assistent og stillbiletefotograf for NRK. Men han var ein så stor Fønhus-entusiast at NRK-folka ville ha han med som kjentmann, og han assisterte mentoren Olaf Ødegaard i den rolla. Mellom anna tok han med jentene på overnatting i bjørnehi. I andre og siste episode lagar han Fønhus-turmat til ungdommane.

Utan regi

Thomas Mørch synest det er flott at NRK satsar på eit slikt konsept. – Ingenting liknande er blitt filma før. Det beste var at det ikkje var nokon regi. Eg har høyrt mange historier om folk som har vore med i andre ting, og det meste av reality er regibasert. Men her var det ti normale ungdommar som gjorde det beste ut av det dei hadde. Eg trur dei hadde godt av det. Ein av dei sa det var den beste veka han hadde opplevd, fortel han.

annonse